Iver Matias Linge Glomnes
Entrepenør og idrettsutøvar som hjelper andre ambisiøse mennesker til å prestere i sin kvardag.
M.Sc. Coaching og Psykologi, Norges Idrettshøgskule
Prestasjon under press
Stressresponsen er skapt for å få oss til å prestere betre når vi må. Den gjer oss rett og slett klar til kamp. Men av og til kan stresset hemme prestasjonen vår. Eg ønsker å lære deg teknikkar og mindset som gjer at du kan bruke stresset positivt heller enn negativt.
Fokus og konsentrasjon
I dag slit mange med å fokusere. Dette er det mange grunnar til.. Tankane kan ofte drifte vekk frå det du held på med no, og gjere at du presterer dårlegare eller er mindre effektiv enn du kan vere. Lær korleis du kan trene konsentrasjonsevna!
Restitusjon i kvardagen
Mentale teknikkar kan i aller høgste grad brukast til å ta gode pausar i kvardagen Lær å bruke visualisering, pust, meditasjon etc. for å roe deg ned.
Restitusjon i kvardagen inneber også ei god døgnrytme
Motivasjon
Kva er grunnen til at du av og til føler deg motivert og andre gongar fullstendig demotivert? Ved å forstå mekanismane bak motivasjon kan vi setje inn tiltak som gjer at vi klarer å halde motivasjonen oppe.
Mi tilnærming
Alt heng saman. Alt påverkar oss. Eg er opptatt av veldig mange faktorar når det kjem til prestasjon og til helse, som inneber mellom anna kosthald, døgnrytme og stressmeistring. Dagens samfunn gjer ikkje alle desse tinga så lett for oss, men det går an å bli betre på det. Ein måte å bli veldig mykje betre er å jobbe med seg sjølv og sitt eige tankesett.
Det mentale er viktig også for å lukkast, enten du er idrettsutøvar, entrepenør eller vanleg arbeidstakar. Det mentale er også ekstremt viktig for å få det beste livet du kan ha, også utanom idrett og jobb. Ein av dei viktigaste mentale faktorane er det å faktisk forvente det beste. Forvente det beste av seg sjølv og alle rundt seg. Forvente det beste i samtalar med kundar. Forvente det beste på jobbintervju. Forvente det beste når du blir kjent med nye folk, enten du møter ein ny businesspartner, møter folk som kan bli dine venner eller du er på ein date.
Samtidig som ein skal forvente det beste er det viktig å akseptere alle tankar og følelsar som dukkar opp, også dei negative. Dei negative tankane og følelsane er også ein del av livet og det er viktig at eit godt forhold til dei. Eg brukar å seie at negative tankar og følelsar skal ein akseptere og tillate seg å kjenne på, men kan ofte velje å styre fokuset sitt mot noko positivt.
Å skaffe seg kunnskap om eigen psykologi og korleis du kan trene mentalt vil hjelpe deg til utvikling på mange områder. Og dersom du veit om dei positive effektene av det å jobbe med din eigen mentalitet og dine eigne tankar, blir du sannsynlegvis meir motivert for dei tinga som er viktige for deg, meir reflektert, meir sjølvstendig og flinkare til å ta vare på folk rundt deg.