Eg trur på ei enkel formel:
Ønskt resultat = ønske + mangel på motstand
(henta frå Abraham Hicks)
For å få til noko må du:
Når vi jobbar saman, blir du bevisst på begge delar.
Vi kartlegg kva du eigentleg vil – på djupt plan – og kvifor du vil det.
For når du veit kvifor, held du ut.
Deretter fjernar vi motstanden.
Begrensande tankar.
Lågt energinivå.
Stress, uro eller manglande struktur.
Eg trur ikkje på raske triks.
Eg trur på å bygge tryggleik, klarheit og energi – frå innsida
Eg heiter Iver Matias Linge Glomnes.
Eg er ekstremt oppteken av kva som får oss til å prestere, og kva som stoppar oss.
Eg satsa hardt på langrenn fram til eg var 20, og har seinare konkurrert i langdistanseløp på nasjonalt nivå.
Gjennom åra som utøvar og trenar lærte eg noko grunnleggjande:
Det mentale styrer alt.
Då eg hadde mine beste sesongar, var det ikkje fordi eg trente mest.
Det var fordi eg hadde trua på meg sjølv, høg energi, og evna til å lytte til kroppen.
Eg tok seinare ein mastergrad i idrettspsykologi.
Utdanninga bekrefta det eg allereie hadde erfart – og gav meg eit endå djupare perspektiv.
No brukar eg denne kombinasjonen av erfaring og fagkunnskap til å hjelpe andre med å prestere på sitt beste – både i idrett, jobb og liv.




Eg lærte noko viktig av Bob Proctor:
Av og til hjelper du nokon gratis. Andre gongar tar du deg godt betalt.
Du gjer det som kjennest riktig.
Slik gjer eg det òg.
Eg vel kven eg jobbar med ut frå kjemi og intuisjon.
For dette er ikkje eit standard program – det er eit samarbeid.
Når eg kjenner at ja, dette mennesket kan eg verkeleg hjelpe – og lære noko av sjølv,
då skjer magien.
Difor finn du ingen fast pris her.
Vi finn ut kva som kjennest riktig – saman.
Les kva tidlegare kundar seier
★★★★★
Noah Lagesen, fotballspiller, 15 år.

★★★★★
Nils Christian Sørhaug, 28 år, eigendomsmeglar

★★★★★

★★★★★
Zein Almosafiri, fotballspiller, 26 år

★★★★★

Eg starta mi karriere med å coache idrettsutøvarar innan mental trening.
Men eg har alltid vore oppteken av menneske – og av kva som eigentleg skil dei som berre prøver, frå dei som verkeleg får det til.
For uansett om du er utøvar, gründer eller jobbar i ein krevjande kvardag,
så er det dei same mekanismane som avgjer kor godt du presterer.
Korleis du tenker. Korleis du møter motgang.
Korleis du brukar energien din.
Idrettsutøvarar som vil nå toppen.
Laura Veen (400 m friidrett) fekk ein aha-oppleving då ho byrja å trene mentalt – plutseleg persa ho.
Leonard Fageraas (skihoppar, 17 år) kom til meg fordi han sleit med ustabile prestasjonar – no har han funne roen og tryggleiken i bakken.
Folk som vil satse på seg sjølv.
Dan sa opp den trygge jobben for å satse som løpecoach.
Han gjekk frå å vere komfortabel til å leve etter draumen sin.
Folk som vil prestere i jobben og i livet.
Nils Christian, eigedomsmeklar, fann balansen mellom karriere og trivsel.
Mi erfaring er enkel:
Uansett kva du driv med, handlar det meste om det same.
Tanke, energi og retning.
Eit samarbeid med meg er personleg.
Vi kombinerer samtalar, refleksjonsoppgåver og øvingar som bygg på kvarandre.
Du får tilgang til eit nettbasert kurs eg sjølv har utvikla, som gir deg struktur og progresjon.
Undervegs brukar eg verktøy som:
Etter kvart som du veks, blir prosessen meir fleksibel.
Vi jobbar med det som trengst her og no
Eg tilbyr alltid ein kort, uforpliktande samtale først.
Slik finn vi ut om vi er ein god match.
Om det kjennest riktig for oss begge,
så lagar vi eit opplegg som passar akkurat deg – og startar reisa mot den versjonen av deg sjølv du eigentleg veit du kan bli.
Eg tek gjerne ein prat med deg – heilt uforpliktande.
Fortel meg litt om deg sjølv, kva du ønskjer å få til,
og kvifor du trur coaching kan vere noko for deg.
Eg les alt sjølv, og svarar så fort eg kan.
Nokre gongar blir det startskotet på noko stort.
“A Wandering Mind is an Unhappy Mind” Namnet på studien til Killingsworth og Gilbert frå 2010 seier det meste – eit vandrande sinn er eit ulykkeleg sinn. Denne…
I opphavet skapte Gud Himmelen og Jorda. Jorda var aud og tom, mørker låg over djupet og Guds ande svevde over vatnet. Då sa Gud “Det skal bli…
Ein ting mange seier er jo dette med at når du forklarer ting må du forklare det på ein måte som gjer at folk kan forstå det. Ikkje…
I dag er det haustjamndøgn. Ein av dei to dagane der dagen og natta er nærast å vere like lang overalt på kloden vår. Det skjer jo ein…
I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. Jorda var aud og tom, mørker låg over djupet, og Guds ande svevde over vatnet. Då sa Gud: “Det skal bli…
Eit vanleg søvntips er dette med å leggje seg og stå opp til same tid kvar dag. Eg har i dag prøvd å vere litt tabloid i oversktifta…
Når eg var student sleit eg ofte med å fokusere over lange periodar om gongen. Det var fleire grunnar til dette, men ein ting eg skulle ønske eg…