Yin og Yang er to omgrep som kjem frå Kinesisk filosofi som beskriv balansen i verda. Balansen mellom det feminine og maskuline, på alle måtar. For her er ikkje berre det feminine og maskuline knytt til mann og kvinne, men til eigenskapar. Alle menneske har både maskuline og feminine eigenskapar. Det maskuline er gjennomføringskrafta, det feminine er det balanserande, det følande, det leikne.

Det maskuline er Yang, det feminine er Yin. Balansen er alltid viktig, og ein viktig del av kinesisk medisin. For nokre månader sidan fann eg ei brukt bok om Kinesisk medisin. Eg kjøpte den for 10 kr og las litt i den. Dei 10 kronene og få timane med lesing gav meg nokre fine innsikter. I Kinesisk medisin handlar alt om balanse og visdommen om balanse der overgår i mine auge den visdommen vi har her i vesten.

Yin og Yang eksisterer i naturen. Eit av symbola for Yin og Yang er eit fjell – den eine sida ligg i sola, den andre i skuggen. Solsida er Yang: Det maskuline som gir energi. Skuggesida er Yin: Det feminine som gir ro. Eg skriv dette etter nokre av dei første skikkelege sommardagane i 2026, og her er jo denne balansen lett å kjenne på kroppen. Eg elskar sola. Eg elskar å steike i sola og eg er ein av dei som kan steike i sola lenge, men det kan vere veldig deilig å gå i skuggen også.

Når eg no sit og skriv dette så regnar det ute, og etter ei veke med veldig fint ver er det også utruleg deilig. Naturen har sin Yin og Yang, og vêret er også ein del av det. Nokre dagar er det meir lys som gir oss energi, andre dagar mindre lys, som ofte gir oss meir ro. I samfunnet vårt har mange ein tendens til å kjempe imot det. Mange har ein tendens til å klage på at det enten er for varmt eller for kaldt. Klage når det regnar, klage når det er sol. Andre omfamnar alt. Eg likar veldig godt dei som seier “I dag er det fint innevèr” heller enn å klage når det regnar (ofte damer har eg inntrykk av, kanskje ikkje tilfeldig det?).

Lyset sin Yin og Yang er også nyttige å tenkje på når det gjeld døgnrytme og årsrytme, og kanskje også månadsrytme (fullmåne versus nymåne vil gjere nettene forskjellige). Dagen gir oss lys og energi, natta gir oss mørke og ro. Her i nord har vi lange lyse dagar om sommaren og lange mørke netter om vinteren. Om vinteren kviler naturen, om våren blomstrar den. Og i stor grad er det slik med oss menneske også. Mørke inviterer til meir ro, sommaren inviterer til meir liv og røre. Tenk deg “festivalvinter” – hadde det fungert? Tenk om sommaren sitt fotball-VM hadde skjedd om vinteren: Hadde det blitt den same festen då? Ja, det skjer sosiale ting også om vinteren, men dei er ofte litt annleis, og kanskje har du også merka at du blir meir sliten av fest og moro om vinteren enn om sommaren?

Eg likar godt å bruke pinealkjertelen sine to hormonar, serotonin og melatonin, til å tenkje på dette. Dei to hormonane er bygd av same byggjestein – aminosyra tryptofan – og denne aminosyra blir først omdanna til serotonin, deretter kan den vidare omdannast til melatonin. Serotonin er dagtidshormonet som inviterer til aktivitet, til å vere sosial, til å føle seg sjølvsikker. Melatonin er natthormonet som roar ned kroppen og hjelper til med alle reparasjonsprosessar som trengst frå dagen. Vi kan sjå på serotonin som Yang og melatonin som Yin. Vinteren gir oss meir av Yin-hormonet melatonin, sommaren meir av Yang-hormonet serotonin.

Sol og skugge, og lys og mørke er jo kanskje det mest openberre når det gjeld lyset sin Yin og Yang, men Yin og Yang er også veldig nyttig å tenkje på når det gjeld ulike typar lys. I dag er det jo veldig mykje prat om blått lys og at det er problematisk. Men er det blått lys i seg sjølv som er problemet? Blått lys er jo også ein del av naturen. Ingen kunstige lyskjelder vi brukar gir oss like mykje blått lys som det sola gir. Kva er forskjellen på det blå lyset vi får frå sola og det vi får frå moderne lyspærer, skjermar etc.?

Sola gir oss lys i alle regnbogen sine fargar, samt dei usynlege infraraude og ultrafiolette strålane, og balansen mellom dei ulike lysfrekvensane (fargane) i sola er heilt annleis enn i moderne lyspærer. I tillegg varierer jo sollyset gjennom døgnet. Lyset er annleis om morgonen og ettermiddagen enn det er midt på dagen, er det ikkje det?

Ulike fargar er lys på ulike frekvensar. Blått lys har mellom anna ein høgare frekvens enn det raudt lys har. Vi deler gjerne inn regnbogen sine fargar i raudt, oransje, gult, grønt, blått, indigo og fiolett – og brukar akronymet “ROGGBIF”. Dette er heller ikkje i tilfeldig rekkefølge, for det er frå lågast frekvens til høgast frekvens. Og pratar vi om Yin og Yang kan vi seie at jo høgare frekvens, jo meir Yang, jo lågare frekvens, jo meir Yin.

Mellom anna kan raudt og blått kan sjåast på som Yin og Yang. Det blå lyset er “Yang-lyset” – det maskuline lyset som gir energi. Det girar oss opp, gjer kortisolnivået vårt høgare, gjer at kroppen begynner å mobilisere blodsukker osv. Det raude lyset kan sjåast på som “Yin-lyset” – det feminine lyset som balanserer, lyset som gir ro og stabilitet, lyset som reparerer.

Vi får mykje meir blått lys frå sola enn frå lyspærene våre, men sola gir oss lys som er mykje meir balansert med lys av alle fargar samtidig. Sollyset har heller ikkje ein lysbrytar for “av” og “på”, men varierer gjennom døgnet. Sollyset er heller ikkje som ein vanleg dimmar som gjer det lysare og lysare og så mørkare og mørkare, men det er eit mykje smartare system enn som så. Sollyset gir oss ulik samansetjing av lys gjennom døgnet. For jo lågare sola står på himmelen, jo vanskelegare vil det vere for strålane med korte bølgelengder å penetrere gjennom atmosfæren. Dermed får vi mest av det høgfrekvente blå, indigo, fiolette og ultrafiolette lyset midt på dagen, og mindre av det om morgonen og ettermiddagen.

Tenk på det “mjuke” og deilige lyset vi får rundt soloppgang og solnedgang. Tenk på den deilige ettermiddagssola som er varm og god og som du kan sitje i timesvis utan at det blir for intenst.

Naturen har sin balanse – sin Yin og Yang.

Lyspærene våre lyser likt frå morgon til kveld. Det store problemet i dagens samfunn er ikkje blått lys i seg sjølv, men at vi får for lite lågfrekvent “Yin-lys” til å balansere det.

Yin og Yang gjeld også for det usynlege lyset. I tillegg til lyset vi ser gir sola oss også usynleg lys, og lyset på kvar side av det synlege spekteret kan også sjåast på som Yin og Yang. På den eine sida har vi lysfrekvensen over fiolett: ultrafiolett.  På den andre sida frekvensen under raudt: Infraraudt. Begge er veldig viktige for oss og dei to balanserer kvarandre. Det ultrafiolette lyset (UV-lyset) er enormt energirikt og vil hjelpe oss til å få energi. Vi treng UV for å byggje D-vitaminar og melanin og det hjelper til med å byggje signalstoffa dopamin og serotonin som blir skilt ut frå hjernen vår og får oss til å kjenne oss bra og kjenne oss motiverte.

Men som vi alle veit: UV-lyset er intenst og det er ikkje behageleg å bli solbrent. UV-lyset vil skape oksidativt stress som kan skape små skadar i huda. Dette er grunnen til at mange er redde for det og grunnen til hypotesen om at det kan bidra til hudkreft. Men når vi set oss litt inn i lyset sin Yin og Yang finn vi ut at naturen har fiksa ting på ein smart måte; den nye kunnskapen rundt raudt og infraraudt lys har fortalt oss at det å beskytte seg mot UV handlar veldig mykje om balansen med infraraudt lys.

Infraraudt lys har nemleg vist seg å ha antioksidante effektar. Mellom anna fører infraraudt lys til at mitokondriane set i gang sitt eige antioksidant-system. Infraraudt lys har vist seg å kunne føre til at det blir skilt ut melatonin inne i mitokondriane (som ofte omtalast som “cellene sine kraftverk”). Melatonin er eit stoff som har veldig sterke antioksidante effektar. Du forbinder kanskje melatonin med søvn, og eg nemnte jo at lyset er viktig for melatoninproduksjonen i hjernen tidlegare her, men melatonin blir ikkje berre skilt ut i hjernen og er med å styre døgnrytmen vår. Melatoninet som gjer oss trøtte og slappe om natta blir skilt ut i hjernen, men i tillegg mitokondriane våre (dei små organellane inne i cellene som ofte omtalast som “kroppen sitt kraftverk”) lagar også sitt eige melatonin. Melatoninet som blir laga i mitokondriane gjer oss ikkje trøtte, men brukast som eit antioksidant. Melatonin er nemleg eit ekstremt kraftfullt antioksidant som hjelper til med alle reparasjonar i kroppen.

Raudt og infraraudt lys hjelper altså til med å reparere skadane som blir danna av UV. Derfor er det viktig med balanse mellom Infraraudt og ultrafiolett lys. UV-lyset utgjer berre 6-7% av solstrålane midt på dagen, det infraraude godt over 50%, så berre det er med å balansere. Om morgonen og kvelden forsvinn UV-lyset nesten heilt, spesielt UVB-lyset, og då er det det infraraude, raude, oransje og gule lyset som dominerer enda meir enn midt på dagen – Yin-lyset som roar ned heile kroppen, reparerer huda og resten av kroppen. 

Sjølv om eg er veldig for UV-lys og oppsøkjer det så mykje eg kan og toler, så er eg veldig imot denne trenden med “UV-maxxing” der folk ventar med å gå ut til UV-lyset er på det sterkaste og berre er ute då. Eg trur vi absolutt bør vere ute når det er mest UV-lys, så mykje vi toler, men sidan det er viktig med balanse er det faktisk også gunstig at vi kjem oss ut om morgonen og kvelden. Ligg du på eit mørkt rom og sov til kl. 11 og så går rett ut i sola vil du tole sola vesentleg dårlegare enn om du har fått morgonlyset først.

Eit tips for å tole sommarsola også midt på dagen er derfor å stå opp tidleg og få det mjuke morgonlyset i augene og på huda di, i tillegg til å vere ute om kvelden og å få kveldslys inn i augene og på huda di. Då blir du sannsynlegvis brunare også, det føler iallfall eg at eg har blitt etter eg begynte å forstå dette med balanse.

Det er dette som verkeleg er «UV-maxxing»! Balansen hjelper oss til å dra fullt utbytte av UV-lyset.

Og skulle du bli solbrent: Oppsøk skugge til sola har kome lågare på himmelen, men om ettermiddagen og kvelden kan det faktisk vere nyttig å gå ut igjen. Dette har du kanskje til og med opplevd: Har du fått for mykje UV eller på grensa til for mykje UV om dagen så føler du for å kome deg i skuggen eller inn, men går du ut om kvelden igjen så kjennest sola veldig deilig på huda di? Det kjennest ut som det helbredar huda di? Det er fordi det er nettopp det det gjer. For mykje Yang-lys om dagen kan helbredast med Yin-lys om kvelden og om morgonen. 

Eit anna tips er at planter faktisk reflekterer infraraudt lys. Dette er mykje av grunnen til at lyset kjennes langt meir behageleg når du for eksempel er i ein park enn når du er på sjøen. Vatn absorberer infraraudt lys, men reflekterer blått og ultrafiolett lys. Dermed blir lyssamansetjinga ei heilt anna når du har vatn eller snø rundt deg enn når du har grøn vegetasjon rundt deg. Sjøen og fjellet gir derfor meir Yang-lys, medan skogen gir meir Yin-lys. Igjen er det ikkje sånn at det eine er bra og det andre dårleg, men det handlar om balanse. Mange vil intuitivt søkje denne balansen, for eksempel føle for å gå ein tur i skogen etter ein dag på stranda, føle for å av og til sole seg ved sjøen, andre gongar i parken osv.

Her vil sannsynlegvis også folk med forskjellig hudtype søkje forskjellig balanse. Er du ein av dei som blir lett brun eller har bygd ein god toleranse vil du kanskje søke meir til sjøen for å verkeleg makse effektane av UV-lyset. Er du ein av dei som er bleikare i huda og toler mindre vil du kanskje søke meir grøntområder med tilgang til skugge.

Og med tanke på det lyset plantene reflekterer: Når du kjenner du får for mykje UV kan det faktisk ofte vere betre å gå i skuggen under eit tre enn å gå inn. Er du under eit tre får du meir infraraudt lys som treff deg og gjer at du får meir balanse.

Forstår vi lysets Yin og Yang forstår vi at blått lys i seg sjølv ikkje er problematisk og at UV-lys i seg sjølv ikkje er problematisk. Men det blir problematisk når vi ikkje får balansert det med lys på lågare frekvens, som raudt og når vi ikkje få balansert det med nok mørke. Moderne lyspærer har alt for lite av det healande Yin-lyset i forhold til det energigivande Yang-lyset.

Samtidig får sannsynlegvis mange også for lite Yang-lys i dag. For samanliknar vi kor sterkt lyset i lyspærene er med sollyset så er det ikkje i nærheita av det same. Og dersom du får sollys gjennom eit vindauge får du heller ikkje i nærheita av det du får om du faktisk er ute. Det er berre å stå ute og sjå inn ein plass: Då ser det ganske mørkt ut, gjer det ikkje det? Og om du har vore inne og går ut så kjenner du vel at det er mykje meir lys ute enn det er inne?

Betyr dette at vi bør vere ute heile tida? Det kan hende det er det beste, men det er jo grunnar til at vi har bygd hus og har ein plass å vere inne også. Det er behageleg iblant, også om sommaren. I tillegg har jo dei fleste jobbar der dei må vere ein del inne. Eg skriv dette innlegget for å gjere folk litt bevisste på balansen. Er du inne heile dagen får du for lite av både Yin-lyset og Yang-lyset. Har du på mykje kunstig lys om kvelden eller natta får du for mykje Yang-lys på feil tid av døgnet. Ja, det er lyst ute heile eller nesten heile døgnet om sommaren i Noreg no, men lyset om kvelden og natta er mykje mjukare, mykje meir Yin enn lyspærene inne.

Det er mange enkle ting vi kan gjere for å balansere lyset betre enn vi gjer i dagens samfunn. Berre det å opne vindauget vil sleppe inn vesentleg meir lys av alle typar. Husk også at vindauge blokkerer mesteparten av UV-lyset, så opnar du vindauget får du faktisk mykje UV om dagen (ja, du får faktisk litt UV sjølv om du ikkje får direkte sollys inn) og du får meir infraraudt inn for å balansere det. Det å ha planter rundt seg vil gi meir infraraudt lys.

Går du nokre turar ut i løpet av dagen, både morgon, dagtid og kveld, vil det hjelpe masse. Kanskje kan du sitje ute med nokre av arbeidsoppgåvene dine? Eg sit mellom anna ofte ute når eg skriv, av og til tar eg opp podcastar ute, eg tar telefonsamtalar ute og innimellom har eg også møtt kundar ute (ja, nokre typar møter kan vere fantastisk å ha ute. Lyset hjelper oss til å tenkje klart og det gir ofte ein annan ro enn å vere inne)

Lyset er som Yin og Yang. Vi treng nok Yang-lys til å gi oss nok energi og vi treng nok Yin-lys til å reparere det som trengst å reparerast.

Alt handlar om balanse.



Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *