the statue of christ is shown in rio

Eg har alltid sett på meg sjølv kristen, men no er eg kanskje kristen på ein annan måte enn eg var før og ein annan måte enn det mange kristne (men absolutt ikkje alle) og kanskje enda fleire ikkje-Kristne tenkjer er kristent.

Jesus er eit av mine største forbilder, men eg ser ikkje lenger på han som ein som er over meg sjølv. Eg ser på han som nettopp det: Eit forbilde. Eg ser på han som ein som viste oss menneske kva som bur oss alle.

Eg ser opp til han meir slik eg har sett opp til for eksempel idrettsutøvarar – som nokon som viser meg potensialet som ligg i eit menneske. Som nokon eg kan strekke meg etter.

Og eg er no overbevist om at det var det han prøvde å vise oss alle. Eg trur ikkje Jesus ikkje ville skape ein religion der han var heva over alle andre og ein vi skulle tilbe, men at han heller ville vise oss kva som bur i oss alle. 

Eg trur han var ein mann som verkeleg forstod tankens kraft, ein mann som forstod at vi alle er skaparane av våre eigne liv, at vi alle kan få til alt vi vil, og at det er vi sjølve som bestemmer kva vi ønsker å utrette her i livet.

I vår verden har vi blitt trena opp til å høyre på autoritetar utanfor oss sjølve.

Og det er ikkje noko feil med å høyre på andre og søkje råd og støtte, men det er enorm forskjell på å søkje råd og støtte og på det å søkje bekrefting.

Vi lev i eit bekreftingssøkjande samfunn. Vi vil ha bekrefting frå familie og venner, kanskje frå ein sjef på jobben, frå ein trenar i idretten, frå følgarar på sosiale medier. OG mange religiøse ønsker bekrefting frå Gud. Det same gjeld mange av som søkjer spirituelle og åndelege – dei søkjer ofte bekrefting frå Gud ( eller “Den eine”, “Kjelda”, “Alt som er” – kall det kva du vil) eller frå åndelege guidar. Vi er vande med å nesten alltid søkje bekrefting frå noko utanfor oss sjølve.

Men kva om vi alle ER Gud? Kva om Gud ikkje er noko utanfor deg sjølv, men i deg? Kva om vi alle kjem frå den same kjelda (som vi ofte kallar for “Gud”) og eigentleg er guddommelege alle saman?

Eg meiner dette absolutt er ikkje blasfemi. Eg meiner mykje av det som står i Bibelen faktisk hintar til nettopp det, men at i vårt bekreftelsessøkande og heltedyrkande samfunn har vi tolka det annleis.

I Lukas-evangeliet, kapittel 17, vers 20-21 står det:

Ein gong spurte farisearane Jesus om når Guds rike skulle koma. Han svara “Guds rike kjem ikkje slik at ein kan sjå det med auga. Ingen kan seia `sjå her er det` eller `der er det`. For Guds rike er midt iblant dykk” 

Sitatet “Guds rike er midt iblant dykk” er jo faktisk eit ganske kjent sitat. I nokre engelske oversetjingar står det “The Kingdom of heaven is within you” – som på norsk ville blitt “Guds rike er inne i dykk”.

Det kan tolkast som at Jesus meinte Guds rike er overalt heile tida. At det ikkje er noko vi må jobbe gjennom eit heilt liv for å oppnå, men noko vi har i oss. Ei kraft vi kan finne fram til på eiga hand, heller enn at vi må gjere oss fortent til det frå nokon utanfor oss sjølve.

Og kanskje var det denne krafta Jesus viste i alle undera det har blitt skrive om at han skal ha gjort? Kva om vi ser det i lys av det vi no veit om Placeboeffekten og kraften i tankane våre?

Eit eksempel på noko Jesus skal ha sagt som kan tolkast på to måtar (Matteus 9, 20-22):

No var det ei kvinne der som hadde lide av blødingar i tolv år. Ho gjekk bort til Jesus bakanfrå og rørte ved dusken på kappefliken hans. For ho tenkte: «Kan eg berre få røra ved kappa hans, så blir eg frisk.» Jesus snudde seg, og då han såg henne, sa han: «Ver ved godt mot, dotter! Trua di har frelst deg.» Og kvinna vart frisk i same stunda.

“TRUA du har frelst deg”! Ein kan tolke dette som trua på Jesus, men kanskje det ikkje var det han meinte? Kanskje han meinte at trua på at ho kunne bli frisk når ho rørte ved han var det som gjorde ho frisk? 

Like etter denne dama hadde rørt ved kleda hans var to blinde som ville ha hjelp til å sjå igjen. Han spurte dei “Trur de eg kan gjere dette”, så rørte han ved auga deira og sa “Det skal bli som det trur” og dei blei friske (Matteus 9, 27-30)

Kan det vere det ikkje var trua på han han meinte, men trua på at det gjekk an?

Isåfall samsvarar jo det godt med uendeleg mange historier om folk som blir friske når dei faktisk trur dei kan bli det.

Kanskje hadde dei menneska Jesus helbreda eigentleg kraften til å helbrede seg sjølve? Kanskje det Jesus gjorde rett og slett var å hjelpe folk til å finne fram til healing-krafta dei hadde i seg?

Jesus skal også ha sagt: “Den som trur på meg skal gjere dei gjerningane eg gjer. Ja større gjerningar enn dei” (Johannes 14,12)

Det eg trur han meinte her er at han ønska vi skulle sjå på han som eit forbilde som vi alle kan bli som, ikkje som ein som er over oss andre.

Sjå på han meir som du som liten kanskje såg opp til idrettsstjerner, sangarar, skodespelarar eller andre som du ville bli som!

Sjå på han som du ser opp til familie og venner som du ser opp til!

Sjå på han som ein du kan søkje råd hos, men som din LIKEMANN!

Eg vil framleis kalle meg sjølv som Kristen, sjølv om eg no har eit anna syn på både Jesus og Gud enn det kanskje dei fleste forbind med Kristendommen. For definisjonen av å vere kristen er å følgje Kristus. Og eg følgjer Kristus meir no enn nokon gong, sjølv om – eller kanskje rettare sagt FORDI – eg ikkje tilber Jesus som ein over meg sjølv, men ser på han som min likemann og mitt forbilde.

Eg har lyst til å avslutte med å sitere ein YouTube-video som var med på å inspirere meg til å begynne å skrive om dette. Videoen er laga av Elisabeth April. Ho kallar seg “remote viewer” (på norsk kan vi kalle det noko sånt som “Fjernsjåar”) og har evna til å forlate kroppen si, sjå ting som skjer andre plassar og prate med folk i andre dimensjonar etc. (tru på det eller ikkje tru på det, men det er ikkje heilt poenget her. Bodskapet er poenget ).

Når ho prata med Jesus hadde han vist ho mange menneske og sagt:

“Dette er dei folka på jorda som trur på meg. Problemet deira er at dei ikkje trur at dei ER meg”

Frå videoen: IMPORTANT Message From Ascended Master Jesus To Humanity (MUST WATCH!)

Den traff!

La oss stole på krafta vi har i oss!



Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *