Select Page

“A Wandering Mind is an Unhappy Mind”

Namnet på studien til Killingsworth og Gilbert frå 2010 seier det meste – eit vandrande sinn er eit ulykkeleg sinn. Denne studien har blitt ein klassikar innan forsking på lykke.

Forskarane sendte ut spørsmål på mobiltelefon til deltakarane:

– Kva aktivitet driv du med?

– Kor lykkeleg føler du deg? (dei rangerte det på ein skala)

– Er du fokusert på det du held på med no, eller er tankane dine ein annan stad?

Desse spørsmåla blei sendt ut fleire gongar om dagen, og nokre viktige resultat var:

– Tankane til deltakarane vandra omtrent halvparten av tida. Tankane sveipa i alle slags aktivitetar (med eitt unntak som du kanskje klarer å gjette deg fram til ?).

– Jo meir til stades i augeblikket, jo høgare oppleving av lykke.
Dette er i seg sjølv kanskje ikkje så overraskande, men det som var virkelig overraskande, var at folk generelt følte seg lykkelegare når dei utførte kjedelege oppgåver enn når dei dagdrøymde om noko hyggeleg.

Altså er det meir sannsynleg at du opplever meir lykke om du fokuserer på oppvasken når du tar oppvasken enn om du står og drøymer deg vekk til neste ferie du skal.

Du blir sannsynlegvis både lykkelegare og meir motivert om du er fullt fokusert på arbeidsoppgåvene dine på jobben enn om du sitt og ventar på helga, sjølv om arbeidsoppgåvene er kjedelege.

Dette betyr ikkje nødvendigvis at vi aldri skal la tankane vandre eller aldri dagdrøyme om noko vi gler oss til, for dette har også sine positive sider.
Men kanskje har vi alle godt av å minne oss sjølv på denne effekten av å leve i nuet iblant?
(Sjølv når vi gjer noko som i utgangspunktet er kjedeleg)

Referanse:
Killingsworth, M. A., & Gilbert, D. T. (2010). A wandering mind is an unhappy mind. Science, 330(6006), 932-932.