Select Page

Veldig mange utøvarar slit med sjukdom og skadar veldig ofte, dette har eg også gjort det siste året. Eg vil no dele kunnskap om noko eg meiner det er alt for lite fokus på: mineralar og mineraltap ved sveitting og å ha eit kosthald som er rikt på mineralar.

For nokre år sidan blei eg obs på at det å trene i varme kan vere ekstremt gunstig for kondisjonsutøvarar, det same gjeld det å sitje i badstu. Derfor begynte eg å gjere ein del av dette. Mange økter på mølla, mange lange økter i badstua.

Utan at eg såg samanhengen med all den sveittinga, begynte eg å slite med ein del sjukdom og generelt lavt energinivå veldig ofte. Etter ein nyleg samtale med treningsfysiolog Anders Haakenstad fekk eg eit nytt syn på dette, som eg faktisk ikkje hadde tenkt så mykje på: det å svette mykje gjer at vi taper latterleg mykje mineralar. Ja, eg visste jo at vi sveittar ut salt og var opptatt av å få i meg nok av det, men vi sveittar også ut andre mineralar. Når vi sveittar, sveittar vi mellom anna ut store mengder jod og kobber. Faktisk kan vi sveitte ut heile dagsbehovet for jod på ein times treningsøkt. Eg har i det siste hatt lavt stoffskifte, stoffskiftehormonane (T3 og T4) er laga av jod.

Eg såg ikkje samanhengane, eg trudde at mine helseplager var relatert til “Long Covid”, men no trur eg dei har vore relatert til mineralmangel, og for meg: kanskje spesielt jod, som eg har lest ein del om og som eg har begynt å bli ekstra bevisst på å få i meg RIKELEG av (ja, MYKJE meir enn dei offisielle anbefalingane, som eigentleg berre er høge nok til å unngå å få Struma).

Det eg heller ikkje har vore bevisst på før i det siste er at så å seie alle matvarer har mindre mineralar no enn dei hadde for 100 år sidan, på grunn av at jorda mange plassar er blitt fattigare på mineralar, spesielt der det har blitt dyrka mykje mat over tid.

Mange intervalløkter inne på mølla og ein god del sauna, kombinert med eit kosthald som kanskje ikkje i utgangspunktet gav meg nok mineralar OG som inneheldt ein del matvarer eg ikkje tålte (eg hadde ein periode der eg ofte var dårleg i magen) var ein perfekt storm som bikka meg over kanten.

Eg tar i ein periode framover no superdosar av jod (her følger eg ein protokoll eg fekk av Haakenstad), samt tilskot av kobber, magnesium, vitamin D og vitamin K2 (desse to fordi det er vinter) og eit multivitamin, i tillegg til å ete store mengder dei matvarene som er rikast mogleg på vitaminar og minaralar naturleg (kjøt frå drøvtyggarar og fisk(for meg spesielt kvit fisk som har masse jod). Eg er i utgangspunktet tilhengar av å få i meg alle mineralar og vitaminar frå naturlege kjelder, men det er blitt vanskelegare på grunn av den mineralfattige jorda, og i ein periode der eg treng å bygge opp lagera igjen er det sannsynlegvis lurt å få litt hjelp frå supplement.

Det er utruleg mykje skadar og sjukdom blant idrettsutøvarar og mineralmangel kan vere ein av grunnane. I tillegg er ei utbreidd haldning at når ein trenar mykje er det berre om å gjere å få i seg mykje energi, og då kan ein ete godteri og sånt, men dette er jo tomme kaloriar som gir null mineralar. Faktisk er det ikkje berre tomme kaloriar, men det er til og med negativt – du brukar mineralar når du aukar energiomsetjinga.

Mange går til legen når dei føler seg dårlege, men dei fleste lagar har jo ikkje særleg stor kompetanse på verken kosthald eller trening. Eg har tatt fleire blodprøver, men sidan alle minaralar og vitaminar var innanfor “referanseområdet” såg ikkje legen nokon samanheng med dette, og sjølv godtok eg berre at det sikkert var kvile eg trengte. Eg har no forstått at berre fordi eit vitamin eller mineral er innanfor referanseområdet legane bruker, betyr ikkje det at dei treng å vere optimale. I tillegg ser ein ikkje jod på blodprøver.

Eg er opptatt av å dele kunnskap, sånn at fleire kan få det. Som eg har begynt å forstå er det veldig vanleg å ha mineralmangel i dagens samfunn, og det kan hende det gjeld spesielt for idrettsutøvarar som sveittar mykje og et mykje tomme kaloriar.

Er du ofte trøtt og sliten? Er du ofte sjuk? Blir du ofte skada?

Vit at:

DET SKAL IKKJE VERE SÅNN!