Select Page

Å roe nervane er oppskrytt!

Dette vil kanskje høyrest rart ut for nokon, medan andre vil kjenne seg igjen i det eg skal skrive no.

Dei som kjenner meg og mi tilnærming til psykologi vil kanskje ikkje vere så overraska over at eg seier dette.

Eg er jo veldig tilhengar av diverse Mindfulness-baserte tilnærmingar til psykologien. Ein av dei viktigaste komponentane i Mindfulness er å akseptere.
Akseptere alle tankar og følelsar som dukkar opp.

Og i nokre tilfeller: ikkje berre akseptere, men omfavne.

Ting eg ser på som nyttig for meg, men som er litt ubehageleg er noko eg omfavnar!

Det er ei kjent effekt at dersom du ser på nervar som noko positivt for deg sjølv, blir det sannsynlegvis positivt.
Dersom du ser på nervar som noko negativt for deg sjølv, blir det sannsynlegvis negativt.

Nervøsitet fører til ein fysiologisk respons – stressresponsen – som er utvikla for å skjerpe deg: gjere deg meir våken og klar til action.
Det er veldig ofte gunstig å vere nervøs!

Og ikkje berre er det gunstig,
dersom du omfavnar følelsen av nervøsitet vil du oppdage at det er ein fantastisk følelse!
Du kjenner at du lev!

Kvar gong eg blir nervøs, enten det er for ein konkurranse, for å prate foran folk eller for å snakke med ei dame eg syns er attraktiv, prøver eg å berre omfavne nervøsiteten.

Det er ikkje alltid så lett å gjere, for først føler eg det er litt ubehageleg.
Men så stoppar eg opp litt, minner meg sjølv på at “NERVØSITET ER BRA!”
Så kjenner eg etter på nervøsiteten. Eg kjenner at pulsen aukar og at kroppen gjer seg klar for action!

FOR EIN FANTASTISK FØLELSE DET KAN VERE!

Lær å omfavne nervøsitet! Det gjer prestasjonen din betre og det gjer livet betre!


P.S.
Verda er ikkje svart/kvitt, og i nokre tilfeller kan det vere lurt å gjere tiltak for å redusere nervøsitet og/eller stress.
Eg meiner det å starte med å akseptere nervøsitet uansett vil vere eit godt utgangspunkt.
Det er eit godt utgangspunkt fordi ein då klarer å prestere i situasjonar der du vil prestere betre av å bli nervøs.
I tillegg til effekten som ofte skjer når du prøver å unngå ein følelse eller ein tilstand: Du kan bli nervøs over å vere nervøs, stressa over stressa, ensgteleg over å bli engsteleg osv., noko som berre aukar følelsane. Derfor er det lurt å starte med å akseptere.