Den beste økonomiske investeringa du gjer er ikkje aksjar, ikkje krypto, ikkje gull

Og nei, det er heller ikkje eigendom.

Den beste investeringa du gjer er å utvikle deg. Bli god i ting. Forbetre dine eigenskapar. Utvikle din kunnskap, få nye ferdigheiter.

OG IKKJE MINST: Bli bevisst på det du allereie kan!

Kvifor meiner eg det?

Fordi: Kva er pengar, eigentleg?

Når du tenar pengar: Kvifor tener du pengar?

Du tenar pengar fordi du har noko av verdi. Uansett kva jobb du har så er det nokon som ser verdi av at du gjer det jobben.

Når eg sel coaching til mine kundar betalar dei meg fordi den kunnskapen og innsikta eg har er verdifull for dei.

Når eg hadde sommarjobb ved eit badebasseng fekk eg betalt fordi det trengtes at det var nokon der som kunne passe på at ingen drukna.

Når du går til legen betalar du for at legen skal hjelpe deg å finne ut kva som feilar deg sånn at du kan bli frisk.

Når du betalar ein eigendomsmeglar for å selge huset ditt betalar du for at nokon gjer det betre enn deg sånn at du får meir pengar for huset ditt.

Dersom du sel noko du ikkje har bruk for lenger er det fordi nokon andre ser verdien av det du har å selje.

Det er så viktig å minne seg sjølv på kva pengar eigentleg er. Det er jo eit byttemiddel. Eit bytte av verdi mot verdi.

Husk alltid det!

Pengar har ingen reell verdi. Pengar er eit byttemiddel. Det er eit verktøy.

Så dersom du utviklar deg. Utviklar din kunnskap, utviklar dine eigenskapar. Då gjer du noko som kan gi verdi. Og dersom andre har bruk for den verdien så vil dei vere villig til å bytte litt av byttemiddelet pengar mot det du kan.

Og husk også: Du har allereie ting av verdi!

Alle har kunnskap, alle har eigenskapar som kan vere av verdi for andre.

Om du plutseleg hadde vakna opp i ein verden der vi hadde eit anna pengesystem, så hadde det ikkje hatt noko som helst å seie kor mykje pengar du hadde.

Men om du har ein eigenskap eller kunnskap som andre ser verdi i andre i den verda så kan du fort bytte til deg pengar, eller kva enn slags byttemiddel dei brukar i den verda.

Så om du har lite pengar, og du ikkje veit heilt korleis du skal få meir av det. Begynn med å sjå på din verdi. Kva har du allereie som kan vere av verdi for andre.

Det kan vere veldig enkelt. Har du mykje tid, men lite pengar, kan du bytte mot nokon som har lite tid, men mykje pengar til å få gjort heilt enkle ting.

Kan du lese og skrive? Ja, då har du ein verdi der du kan hjelpe barn til å lære det.

Kan du eit språk? Då kan du hjelpe andre til å lære språket ditt.

Er du god i ein idrett? Då kan du hjelpe andre til å bli betre i idretten.

Å vere fattig og å slite med pengar handlar alltid om å ikkje vere bevisst på at du har noko av verdi. Det handlar om at du tenkjer på det du ikkje kan og det du ikkje har, heller enn å vere bevisst på alt du kan som gir deg ein verdi.

Så husk på: Alt du har lært gjennom livet er noko som har verdi. Denne verdien kan byttast mot det verktøyet vi kallar pengar.

Og husk at alt du gjer kan utvikle deg. Alt du gjer kan gjere at du lærer noko nytt. Sjølv dei enklaste små ting.

Sjølv dersom du er sjuk og føler at livet ditt ikkje går framover i det heile tatt: Den erfaringa kan du bruke til noko positivt som har verdi for andre seinare.

Alt du går gjennom fører til dine unike erfaringar, ditt unike syn på ting, din unike kunnskap.

Mange har ein tendens til å tenkje at berre lange utdanningar og mykje jobberfaring gir verdi, men det er ikkje sant.

Alt har verdi.

Så du blir bevisst på alt du har som gir deg verdi og stadig utviklar deg vidare er det den klart beste investeringa du kan gjere!



Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *