Eit vanleg søvntips er dette med å leggje seg og stå opp til same tid kvar dag. Eg har i dag prøvd å vere litt tabloid i oversktifta og påstå at det er eit dustete råd. Kvifor meiner eg det?

Eg vil først seie at på kort sikt kan det vere eit godt råd. Om du står opp og legg deg til same tid kvar dag i eit par veker får du sannsynlegvis betre døgnrytme.

MEN

Kvifor syns eg det er eit dusteråd? Då må vi stille oss spørsmålet: Kva er det eigentleg som bestemmer når vi skal sove og når vi skal vere vakne? Er det klokka? Er det når du må vere på jobb?

Ja, for dei fleste i det moderne samfunnet (“matrixen” som mange av oss har begynt å kalle det) så er det det. Men klarer du å sjå samfunnet vi lev i litt frå utsida så begynner du å tenke litt annleis. I staden for å lytte til når sjefen din seier du skal vere på jobb begynner du å lytte til når naturen fortel deg at du skal vere aktiv og vaken og når du skal slappe av.

Kva i naturen er det som bestemmer dette? Det er vel lyset, er det ikkje?

Så når eg seier det er dust å stå opp og legge seg til same tid kvar dag så er det fordi lyset ikkje er likt kvar dag. Å stå opp klokka seks no i august når sola står opp omtrent kl seks er sannsynlegvis veldig riktig. Kjem du deg ut då vil du få lys frå den stigande sola, som endrar både kor sterkt den lyser og kva fargar som dominerer. Dette gjer deg klar for dagen. Det sender signal til kroppen om at det er dag og på tide å mobilisere energi.


Men står du opp kl 6 i desember, skrur på masse lys, kanskje går på gymmen for å trene (under isolert blå lyspærer) og så går du og set deg og jobbar foran ein PC-skjerm (med enda meir isolert blått lys), det er då eg ser på deg som ein dust.

Dette moderne samfunnet legg opp til at vi skal fungere likt heile året. Moder natur prøver å fortelje oss at det ikkje fungerer, men vi lyttar ikkje. Då får vi ei befolkning der over halvparten av oss er kronisk sjuke.

Eg trur som sagt at å stå opp og legge seg relativt jamt er gunstig på kort sikt. Men når sola står opp litt og litt seinare utover hausten: trur du ikkje då det er gunstig å sove litt og litt lenger? Og om du likevel vaknar tidleg også om vinteren: Trur du ikkje det er lurt å gjere rolegare aktivitetar om morgonen då enn det du gjer om sommaren?

“Men om eg berre skal vere aktiv på dagtid om vinteren får eg ikkje gjort så mykje”, vil mange seie.

Eg forstår tanken.

Eg trur vi kan få gjort mykje også om vinteren, men vi fungerer litt annleis. For å forstå dette kan tenkje på hormonane i kroppen vår. Mellom anna har vi ein balanse mellom serotonin og melatonin. Desse to lagast av den same byggesteinen (aminosyra tryptofan) som blir omdanna til serotonin først og så melatonin. Omdanninga av serotonin til melatonin aukar når det blir mørkt. Melatonin er eit hormon som roar ned nervesystemet ditt og gjer deg avslappa (og trøtt når det verkeleg byggjer seg opp, men det er ikkje melatoninet i seg sjølv som gjer at du sovnar). Serotonin er derimot eit hormon som er meir aktivt om dagen. Det får oss mellom anna til å bli meir gira på å få ting gjort. Balansen mellom desse to varierer, og den varierer særleg med lyset.

Eg har prøvd å leve meir i takt med lyset det siste året (sjølv om det har vore langt frå perfekt, eg prøver å bli betre) og eg merka det at i vinter fungerte det utruleg bra å berre sitje om kvelden og lese roleg i ei bok med berre eit stearinlys. No om sommaren derimot føler eg meg langt meir rastlaus og eg har meir lyst til å gjere ting, meir lyst til å produsere enn å sitje å passivt ta inn kunnskap. Når eg blei meir bevisst på melatonin/serotonin balansen gir dette meining. Eg trur det er akkurat sånn det skal vere.

Moder natur veit best. Eg trur vi gjer lurt i å lytte til ho heller enn å lytte til kva det moderne samfunnet forventar av oss.