Select Page

Ein autonom person.

Kva er det?

Det er eit begrep eg blei kjent med når eg kom over nokre videoar av ein datingcoach (Bobby Rio).

Ein autonom person er attraktiv, og det å bli ein autonom person er viktig for om du vil bli attraktiv.

Men det har slått meg at det å vere ein autonom person også er ekstremt viktig i andre områder av livet.

Og eg såg kor mykje dette trekket og denne haldninga samsvarer med deg eg veit om pretasjonspsykologi.

Eg ser no at så å seie ALLE eg nokon gong har sett opp til har hatt dette trekket.

Det er også eit trekk som gjer oss meir lykkelege.

Det gjer at vi kan få til det vi vil

Det gjer at vi tør å prøve noko og ikkje er så redd for å feile.

Autonomi betyr sjølvstyre.

Så ein autonom person er ein sjølvstyrt person. Ein som gjer ting fordi han eller ho vil gjere det, og ikkje på grunn av forventningane andre har til dei.

Vi blir alle påverka av folk rundt oss, både venner/familie, studiekameratar/kollegaer, men også overordna av samfunnet vi lev i.

Dette kan vere ein god ting og det kan vere ein dårleg ting.

Det er ein god ting fordi det gjer at vi kan samhandle med andre, vi kan forstå kvarandre og bli einige om ting.

Men dette kan også begrense oss.

Begrense oss fordi det fører til at vi gjer ting vi trur er forventa av oss, heller enn å gjere det vi sjølv vil.

Begrense os fordi vi alltid søker bekreftelse frå andre.

For det gjer vi alle. Vi søker bekreftelse frå andre.

Eg trudde sjølv eg ikkje søkte så mykje bekreftelse, men det har eg skjønt at eg gjorde.

På veldig subtile måtar, som eg først klarte å sjå når eg begynte med det å tenke på dette konseptet med å vere ein autonom person.

Slutt å søke bekreftelse.

Søk gjerne råd frå andre. Søk inspirasjon frå andre. Søk emosjonell støtte frå andre.

MEN ALDRI SØK BEKREFTELSE!