Ok, kampen om å unngå nedrykk var ein ting. Haugesund klarte å berge plassen og sende Stabæk ned til Obos-ligaen med 3-0 seier. Vålerenga gjorde ein god kamp og berga eit poeng mot serietrear Tromsø. Sandefjord gjorde jobben sin mot Lillestrøm og berga plassen sin i Eliteserien 2024.
Det eg syns var rart var denne medaljekampen. Nemnte Tromsø hadde jo ein vanskeleg kamp mot Vålerenga. Hadde dei vunne kunne dei gått opp og kapra andreplassen frå Brann, dei prøvde hardt, men klarte det ikkje. Kanskje litt rart, for ein skulle jo tru at når to lag møtes, der begge har mykje å spele for skulle laget nesten på toppen av tabellen slå laget nesten på botnen av tabellen?
Men det verkeleg rare var at både Brann og Viking, som spelte om medaljar, tapte henhaldsvis 0-3 og 1-5 mot lag som låg rundt midten av tabellen, som ikkje hadde spesielt mykje å spele for. To topplag som skulle vere fullt motiverte blei altså feid av banen av to lag midt på tabellen som ikkje skulle ha så mykje å spele for.
Viking taper altså 1-5 på HEIMEBANE mot Rosenborg som endte på 9.plass på tabellen. Viking låg på fjerdeplass og dei kunne berre klatre oppover på tabellen, ikkje nedover. Dei hadde altså ingenting å tape, dei spelte på heimebane i siste kamp mot eit lag på midten av tabellen og hadde relativt lite å vinne.
Brann taper 0-3 borte mot Strømsgodset. Brann låg på 2. plass, men låg berre eit poeng over Tromsø, dei låg berre tre poeng over Viking, men med seks mål betre målforskjell, sånn at det var lite sannsynleg, men ikkje umogleg at Viking skulle ta dei igjen (det var iallfall ikkje umogleg når dei gjorde jobben med å redusere målforskjellen med tre mål).
Det er vanskeleg å forstå denne kollapsen frå eit som berre ei veke før feide seriemeister Bodø/Glimt av bana i ein 4-2-siger. Riktig nok på heimebane, riktig nok mot eit lag som allereie hadde vunne serien og på den måten ikkje hadde noko å spele for. Men likevel, burde ikkje dei hatt ein enorm sjølvtillit inn i kampen mot Strømsgodset?
Brann forsvarte sølvet, ikkje på eigen hand, men ved hjelp av at verken Tromsø eller Viking klarte å vinne.
“Choking” under press og “paralyse av analyse”
I idrettspsykologien bruker vi ofte det engelske uttrykket “choking” når ein presterer dårleg under press. Choking er definert som å prestere dårlegare enn forventa utifrå eige nivå, og kan dukke opp i mange forskjellige typar oppgåver når insentiva for optimal prestasjon er maksimale (Beilock & Carr, 2007)
I går var insentiva for prestasjon optimale for både Brann og Viking. Sjølv om Viking ikkje hadde noko å tape, måtte dei vinne for å kunne klatre på tabellen og ta medalje. Brann hadde alt å tape – insentiva for å vinne kampen var dermed også optimale.
Alt tilseier at dette var to lag som “choka”.
Men kvifor skjer det? La meg introdusere eit nytt uttrykk i vi bruker i idrettspsykologien “Paralyse av analyse”
Det som ofte skjer når vi må prestere vårt beste er at vi skjerpar oss. Vi tenker “no gjeld det, no må eg gjere alt riktig”. Dette er også noko av grunnen til at vi faktisk av og til også presterer ekstra godt under press.
Men det vi også veit, spesielt blant idrettsutøvarar på høgt nivå er at veldig mange av ferdigheitene deira går på automatikk. Gjennom å trene mykje på ei ferdigheit skjer ofte dette over tid – i starten må du fokusere veldig på det du skal gjere for å lære inn aktiviteten, men etter kvart kan du gjere det utan å tenke på det – det skjer automatisk. Denne automatiseringa har fleire fordelar: for det første blir alle bevegelsar som er automatiserte mykje «smoothare», for det andre frigjer det plass i arbeidsminnet til å fokusere på andre ting, noko som er viktig i ein idrett der du både skal halde auge på ballen, medspelarane og motspelarane dine.
For å gi eit bilde av korleis dette fungerer kan vi tenke på nokre situasjonar frå dagleglivet: når du har lært å gå treng du ikkje å tenke på å halde balansen lenger, dette gjer at du kan følge med på alt som skjer rundt deg medan du går. Det same gjeld med skriving på PC: det at eg klarer å automatisk vite kvar knappane er gjer at eg kan tenke og skrive samtidig. Måtte eg tenkt veldig mykje på kvar knappane er ville ting gått uttruleg sakte.
Det er ofte det som skjer under press er vi blir så opptekne av å gjere ting riktig at vi begynner å fokusere på ting som vanlegvis går på automatikk, og som vi gjer best på automatikk. Normalt går du rundt utan å tenke på korleis du går, men tenk deg at du skulle gått på ein raud løpar. Då hadde du kanskje plutseleg begynt å tenke på korleis gangen din faktisk er, som kor langt fram skal du sette foten? Kor mykje skal du svinge armane? Kor rett skal eg vere i ryggen? Etc. etc. Dette hadde sannsynlegvis ikkje berre ført til at gangen din blei meir keitete, men også at du mista litt oversikt på kva som skjer rundt deg, fordi du hadde brukt så mykje av arbeidsminnet ditt på å passe på desse tinga.
Sjølv huskar eg når eg tok køyretimar – sjølv om eg køyrte bra når eg øvingskøyrte med foreldra mine køyrte eg ofte veldig dårleg når eg køyrte med køyrelærar. Etter å ha lært om prestasjon under press forstår eg grunnen: når køyrelæraren følgde med følte eg press og eg vart så opphengt i å gjere alle små detaljar riktige at køyringa mi vart keitete og eg mista oversikta over trafikkbiletet. Eg var veldig opptatt av kva rekkefølga eg skulle sjå i speila at eg brukte enormt mykje av arbeidsminnet på det, og ikkje hadde mykje kapasitet igjen til å gjere dei gode vala i trafikken.
Det er ofte dette som skjer på fotballbanen også – det kan vere at spelarane vart veldig opphengte i oppgåver som eigentleg burde gå på automatikk, som gjorde at både dei oppgåvene vart dårlegare og dei ikkje hadde meir kapasitet i arbeidsminnet til å gjere dei gode vala ute på bana.
Det er ofte dette som er grunnen til at ein presterer dårlegare under press. Mange trur jo at det er fordi ein ikkje klarer å fokusere, men her kan vi nesten seie at ein fokuserer FOR MYKJE, men ein fokuserer på ting ein ikkje treng å fokusere på, noko som gjer at ein har mindre fokus igjen til dei tinga som faktisk er viktig å fokusere på. I ein idrett som fotball, der du er avhengig av eit overblikk over spelet for å kunne gjere gode val er det å fokusere på automatiserte bevegelsar er dette mildt sagt ugunstig.
Når det er sagt kan det også vere at ein brukar såpass mykje tankekapasitet på å tenke på konsekvensane at ein ikkje har mykje kapasitet igjen til å tenke på dei arbeidsoppgåvene som var viktige undervegs i kampen, det er også ein måte ein kan prestere dårlegare under press på. Uansett er choking under press nesten alltid ein funksjon at stresset gjer at du ikkje klarer å fokusere på det du skal.
Ei anna forklaring: Brann sitt antiklimaks
For Brann sin del kan det hende, til tross for at dei hadde sølvet å spele for ha vore ein litt antiklimaktisk kamp. For, på Brann stadion mot Glimt var det fullstendig kok på tribuna, og spelarane verka topp motiverte. Dei spelte så utruleg bra: pressa høgt og vann ofte ballen høg i bana, dei spelte med ein enorm energi i sin siste heimekamp for sesongen. Dei var topp motiverte for å knuse seriemeisteren.
Mot Godset i går var det, iallfall i forhold til i Bergen førre kamp, ganske dødt på stadion. Det var relativt glisne tribuner i Drammen, og sjølv om ein del bortesupportarar hadde tatt turen var det ikkje i nærheita av same stemning. Det verka rett og slett litt dødt. Det same gjorde Brann sitt spel. Dei sto ikkje like høgt i presset som dei gjorde førre helg og spelte ikkje med like mykje energi.
Sjølv om dei visste kva som stod på spel, kan det hende at stemninga rundt dei påverka dei og at motivasjonen derfor ikkje var like høg som ein skulle trudd den var. Eg trur ikkje at Brann-spelarane ikkje var motiverte for denne kampen, men det kan likevel hende at stemninga på Marienlyst gjorde at dei fekk eit fall i energinivå når dei merka forskjellen på det og stemninga heime på Brann stadion førre helg. Miljøet rundt oss påverkar oss alle – bevisst eller ubevisst.
Mange forklaringar for dårlege prestasjonar
Det kan vere fleire forklaringar når eit lag underpresterer. Det kan sjølvsagt ha vore val av taktikk, det kan ha vore motstandarden som gjorde dei dårleg ved å spele bra, det kan, iallfall for Brann sin del ha hatt noko med det uvante klimaet å gjere (det var mange minusgrader i Drammen i går kveld, og det er vel ikkje usannnsyleg at Drammensarane er meir akklimatisert for det enn det Bergensarane er). Det kan ha vore dei reint fysisk hadde ein dårlegare dag enn vanleg. Det kan vere grunnar vi ikkje veit om.
Likevel, det var påfallande kor dårleg både Brann og Viking presterte i går, og gitt utgangspunktet for kampen og det vi veit om prestasjon under press held eg ein knapp på at det var to lag som blei ramma av «paralyse ved analyse».