I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. Jorda var aud og tom, mørker låg over djupet, og Guds ande svevde over vatnet. Då sa Gud: “Det skal bli lys!” Og det vart lys. Gud såg at lyset var godt, og Gud skilde lyset frå mørkret. Gud kalla lyset dag og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld og det vart morgon første dagen.

Slik står det skrive i Første Mosebok, kapittel 1, vers 1-5. Dette er altså den berømte starten på Bibelen som skal beskrive starten på alt.

Kvifor startar eg eit blogginnlegg med å stille spørsmålet om elektromagnetismen er det viktigaste faget for å forstå helsa vår for så å sitere bibelen sine opningslinjer?

Eg fekk lyst til å gjere det etter at eg her om dagen sat og las litt på “Feynman Lectures of Physics”, forelesningsserien til den berømte fysikaren Richard Feynman tidleg på 60-talet. Ein forelesningsserie som er kjent for å nesten ha revolusjonert fysikken. For Feynman var ikkje berre ein fantastisk fysikar, han var også ein heilt fantastisk formidlar. Med humor, glimt i auget og ei nydeleg og sjølvsikker stemme formidlar han vanskelege tema på ein måte som gjer det litt lettare for ein som ikkje har bakgrunn innanfor fysikk å kome litt meir inn i fysikken.

Feynman sine opningslinjer i forelesning 28: Electromagnetic Radiation[i] (elektromagnetisk stråling) syns eg nesten er like vakre som opningslinjene i 1.Mosebok. La meg gjenfortelje dei, oversett til norsk (av meg sjølv):

Dei mest dramatiske augeblikka i fysikken er dei der store synteser skjer. Der fenomen som tidlegare såg ut til å vere forskjellige plutseleg blei forskjellige aspekt av det same. Historia om fysikk er historia om slike synteser, og basisen av suksess for vitskapen om fysikk er i hovudsak det vi har klart å syntetisere.

Kanskje det mest dramatiske augeblikket i utviklinga av fysikk gjennom det 19. århundret skjedde med J.C. Maxwell ein dag i 1860-åra når han kombinerte lovene om elektrisitet og magnetisme med lovene om oppførselen til lys. Som eit resultat blei eigenskapane til lys delvis avslørt – det gamle og subtile stoffet som er så viktig og så mystisk at det verka nødvendig å lage ein spesiell plass for det når ein skreiv Første Mosebok. Når Maxwell hadde gjort si oppdaging kunne han seie: “La det bli elektrisitet og magnetisme og der er lys”

Richard Feynman, Feynman Lectures of Physics, Forelesning 28

Ja, for lys er elektromagnetisk stråling. Vi ser elektromagnetiske bølger. Elektromagnetiske bølger eksisterer frå ekstremt låg frekvens til uendeleg høg frekvens. Frå bølger som er milevis lange til bølger som er så korte at ein får plass til millionar av dei gjennom foten til ein maur (det er ingen grense for kor korte eller kor lange bølgene kan bli). Augene våre kan sjå bølger som er mellom omtrent 400 og 750 nanometer lange. Og ulike bølgelengder blant desse frekvensane er det vi ser som fargar. Dei lengste bølgene vi ser oppfattar vi som raude, dei kortaste som fiolette. Når bølgene blir kortare enn dei vi ser som fiolette eller lengre enn dei vi ser som raude kan vi ikkje sjå dei lenger, men vi merkar at dei er viktige. For bølgene som er kortare enn fiolette kallar vi ultrafiolette (UV) og dei gjer oss brune og fine og bølgene som er lengre enn dei raude kallar vi infraraude og dei kan vi føle som ein behageleg varme.

Elektromagnetisk stråling oppstår når ladning bevegar seg. For eksempel vil det oppstå elektromagnetiske bølger når eit lyn slår ned, litt på same måten som det blir bølger i vatn når ein båt køyrer gjennom det. Det vil også oppstå elektromagnetiske bølger når dei ladde partiklane på sola bevegar seg. Og implikasjonane av dette er store. Så store at det er naturleg å starte Bibelen med det. Elektromagnetismen er grunnlaget for liv slik vi kjenner det.

For nokre år sidan hadde eg nok ikkje trudd eg skulle sitje her å sitere første Mosebok når eg skal snakke om helse og prestasjon. Korleis kom eg hit?

For no omtrent 1,5 år sidan så oppdaga eg for første gong temaet “grounding” eller “jording”. Praksisen med å vere i kontakt med jorda si elektriske ladning. Eg meiner å huske eg såg eit par videoar om det på sosiale media, og så var det ein kompis av meg som eg ofte sat i badstua med (Hei Mikkel!) som sa at han gledde seg til å reise på treningsleir til Sør-Afrika, stå opp med sola og berre stå å “grounde”.

Eg forstod det ikkje då, men dette var eit definerande augeblikk. Eg trur det kan vere eit definerande augeblikk for resten av livet mitt. Eg lo faktisk litt første gongen han sa det, eg syns det høyrtest litt rart ut, men eg forstod at dette kunne vere noko. Så eg begynte å sjekke forskinga rundt det.

Og der lyste det nokon data mot meg som var umoglege å sjå forbi. Data som antyda at jording forbetra døgnrytmen, at jording gjorde restitusjonen raskare etter skade, at jording stabiliserte heile nervesystemet.

Ein av dei første studiane[ii] eg las var ein studie på restitusjon etter knallhard styrketrening. Faktisk så hard styrketrening at dei prøvde å påføre muskelen skade med å trene knallhardt på ei øving som var uvant for deltakarane (her brukte dei eksentriske tåhev). Og så hadde dei ei gruppe som jorda seg rett etter treningsøkta og ei gruppe som ikkje gjorde det. Dei jorda seg innandørs ved hjelp av elektrodar tilkopla jorda si elektriske ladning. Halvparten fekk elektrodar som faktisk fungerte, den andre halvparten fekk elektrodar som ikkje fungerte og fungerte som placebokontroll. Dei målte diverse blodprøvemarkørar og dei målte smerteterskelen med å bruke ein blodtrykksmålar på leggen for å sjå kor mykje dei kunne presse på den før deltakarane fekk vondt. Og ein av dei grafane som verkeleg fekk meg til å sperre opp auga var denne:

Dei målte altså smerteterskelen ved hjelp av blodtrykksmålar i fire dagar etter treninga. Og legg merke til kva som skjer! Det er ikkje berre sånn at jordingsgruppa toler meir smerte enn placebo-gruppa. Sjå på Y-aksen som viser prosentvis endring i smertetoleranse. Jordingsgruppa toler MEIR smerte etter treningsøkta enn før!

HÆ? Har du prøvd å vere sår i muskulaturen etter trening? Du skal ikkje tole meir smerte då! Då får du jo vondt berre av å ta på muskelen.

Eg tenkte at dersom dette stemmer er alt vi har trudd om restitusjon feil. Alt som står i lærebøkene om restitusjon er feil. Alle erfaringar om kor lang tid ein skal bruke på å restituere seg feil. Kvifor? Fordi all tidlegare forsking er gjort på ujorda menneske. Det same gjeld dei fleste erfaringane som har blitt gjort, iallfall dei siste 50 åra – dei har blitt gjort av folk som nesten aldri er jorda.

Grafen over gjorde også at eg tenkte: “Om dei som jordar seg faktisk får betre smertetoleranse i etterkant av ei knallhard treningsøkt. Då må jo det bety at noko var totalt feil før”.

Og så tenkte eg at “Ja, dersom vår naturlege tilstand er å vere jorda så er det nok noko feil når ein ikkje er jorda”. 

Studien var riktig nok ein pilotstudie med berre åtte deltakarar. Eg var derfor litt forsiktig med å dømme utifrå den studien, men studien var nøye gjennomført på dei få deltakarane og når eg satte eg meg inn i fleire studiar blei eg meir og meir sikker på at det stemte. Jording endrar fysiologien og gjer underverk for restitusjonen.

Men eg forstår no at eg eigentleg ikkje forstod implikasjonane. Eg tenkte jo først at dette betyr at all forsking på restitusjon er feil. Det stikk langt djupare enn som så. Det er ikkje berre restitusjonsforskinga som er feil, for å seie det sånn.

Eg fekk hjelp til å forstå enda meir om dette i vår når eg begynte å høyre på ein kar med namn Jack Kruse  Han er nevrokirurg og ein av dei fremste på å forstå kroppen ved å forstå fysikk, ikkje berre kjemi (for kjemien kvilar jo på fysikken). I ein podcast[iii] sa han at når han hadde begynt å forstå dette med korleis lys påverkar kroppen så forstod han at implikasjonane av det var at så å seie all forsking som lærebøkene baserer seg på er feil. Lys (altså elektrisitet og magnetisme) har så mykje å seie for kroppen at når ein forskar på menneske som lev innandørs liv og er lite ute i sola, eller ein forskar på dyr i laboratorium, som sjølvsagt lev i eit totalt unaturleg miljø, finn ein eigentleg ikkje ut korleis fysiologien fungerer.

Jack Kruse hadde vore nevrokirurg mange år før han begynte å studere fysikk. Han gjorde det fordi han innsåg at det han hadde lært ikkje kunne vere riktig. Han sleit med si eiga helse og fekk ikkje til å gå ned i vekt uansett kva han gjorde. Løysinga blei, etter å ha sett seg godt inn i fysikken, å vere mest mogleg i sola og å ta iskalde bad (ja, kuldeeksponering har også med kroppens elektriske eigenskapar å gjere. Meir om det i seinare innlegg).

Så implikasjonane av det eg har lært av å setje meg inn i helse og prestasjon frå eit elektromagnetisk perspektiv er enorme. Det er ikkje berre det vi lærer om restitusjon som er feil. Det er eigentleg nesten alt. For dersom vi tenkjer oss at vår naturlege tilstand er å gå nakne i sola, kor mykje kan vi då høyre på forsking gjort på menneske som sit inne framom Pcen heile dagen? Har dei ein fysiologi som mennesket skal ha?

Menneske som oppfører seg som menneske
Kor annleis fungerer fysiologien til desse barna når dei badar i gjørme og sol kontra når dei sit inne i under kunstig lys og ser på ein skjerm?

Og på dei omtrent 18 månadane det no har gått sidan eg første gong las om jording har eg også lært meir om kroppens rytmar. Først og fremst døgnrytme, men også vekerytme (ja, det ser faktisk ut som vi har ein sju dagars rytme som ikkje berre er sosialt konstruert. Visdommen i første Mosebok kapittel 1 slår til igjen!), månadsrytme (ikkje gløym at vi har ein måne som brukar 29,5 dagar rundt jorda vår), årsrytmer, og når eg satte meg inn i solaktivitet i podcastepisoden “Er det sola som styrer samfunnet? Den overraskande samanhengen mellom sola sin 11-års syklus og opprør i samfunnet”[iv], skjønte eg jaggu meg at kroppane våre også har rytmar over mange år. Og kva er det som styrer desse rytmane? Kva er det som avgjer om vi skal vere vakne og opplagte eller om vi skal vere trøtte og slappe av? Det er vel elektromagnetismen, er det ikkje det? Vi menneske er dagaktive dyr og alt i kroppane våre er satt opp sånn at vi skal vere vakne og opplagte når vi får mest lys frå sola. Så kva skjer då når folk jobbar inne om dagen og sit i eit godt opplyst rom og ser på ein skjerm etter at sola har gått ned og aldri er i kontakt med jorda si elektriske ladning?

Gud såg at lyset var godt, og Gud skilte lyset frå mørkret. Lyset kalla han dag og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld og det vart morgon første dagen.

Kroppane våre fungerer ikkje likt døgnet rundt. Du får mellom anna høgare kortisol om morgonen. Kortisol er eit stresshormon som vekker deg opp, mobiliserer blodsukker osv. Du få høgare melatonin om kvelden. Melatonin roar ned heile nervesystemet ditt og gjer deg døsig. Melatonin hjelper til med alle reparasjonsprosessar i kroppen. Vi treng mørket for at epifysen i hjerna skal skilje ut melatonin. Vi treng både lys og mørke. Om vinteren er det mindre lys, då er det meir mørke. Då fungerer kroppen din annleis enn den gjer om sommaren med masse lys. Men det moderne samfunnet får dei fleste til å oppføre seg ganske likt året rundt. Og så lurer vi på kvifor alle blir sjuke. Og så kjem det masse tips om trening og kosthold frå alle moglege kantar som distrahererer den stille kviskringa frå kroppen om at “Hei, det handlar om å leve i takt med naturen”.

Og ikkje berre treng vi både lys og mørke. Vi treng også ulike bølgelengder av lys. Har du nokon gong sett sola kome opp over havet eller anna flatt landskap? Korleis ser ho ut då? Ganske annleis enn det ho gjer midt på dagen. Ho er meir raud, ikkje sant? Kvifor er ho det? Det har med bølgelengdene å gjere og det har med jorda sin beskyttelse mot sola å gjere, altså atmosfæren vår. Ja, atmosfæren beskyttar oss mot sola. Vi toler ikkje sola i si fulle kraft og vi kan takke atmosfæren vår for at ho slepp gjennom akkurat det vi treng frå sola. Om morgonen treff solstrålane oss frå ein låg innstrålingsvinkel. Då er det rett og slett meir atmosfære for solstrålane å trenge gjennom. Strålane med lenger bølgelengde går lettare gjennom atmosfæren enn lyset med kortare bølgelengder, og då er det dei som dominerer. Raudt har dei lengste bølgelengdene i det synlege spekteret, derfor dominerer dei når sola står lavast på himmelen ved soloppgang og solnedgang. I tillegg kjem dei infraraude (infra = under. Infraraudt = frekvensen under raudt) bølgene igjennom.

Dette betyr også at dei kortare bølgene, som for eksempel dei blå, aldri eksisterer aleine. Dei eksisterer alltid saman med dei bølgene som er lengre enn dei blå, mellom anna dei raude og dei infraraude som er til stades frå sola står opp til sola går ned. Kanskje har du høyrt om raudlysterapi, der du typisk bruker eit belte eller eit panel med raudt og infraraudt lys. Dette har mange effektar på kroppen, mellom anna å få metabolismen din til å fungere betre ved hjelp av å stimulere eit viktig enzym (Cytokrom C oksidase) inne i mitokondriane (kroppens “kraftverk”). Ein har nemleg funne ut at Cytokrom C Oksidase fungerer som ein fotoakseptor. Med andre ord: den responderer på lys, og særleg det raude og nær-infraraude responderer dette enzymet godt på. Det er neppe tilfeldig at den responderer best på det lyset du har tilgang til frå sola står opp om morgonen til ho går ned om kvelden. Dei lange bølgelengdene til desse strålane gjer ikkje berre at det går lettare gjennom atmosfæren, men det gjer også at det trenger lenger inn i kroppen. For medan for eksempel UV-stråling berre har direkte effekt på huda (og mange indirekte effektar i resten av kroppen) har det infraraude lyset direkte effekt langt inn i kroppen.

Og det er ikkje tilfeldig at eg nemnar metabolismen her, for blått lys har også effekt på metabolismen. Blått lys har kortare bølgelengder enn det raude og infraraude og det er dermed lite av det når sola står opp, men meir av det seinare på morgonen. Det blå lyset er eit signal om å auke kortisolnivået, som vidare aukar blodsukkeret. Men det aukast ikkje for mykje, for det infraraude lyset gjer at cytokrom C oksidase blir stimulert og at metabolismen fungerer som den skal. Det infraraude lyset verkar som ei stabiliserande kraft. Ei stabiliserande kraft ein ikkje får når ein sit og ser på ein blå TV-skjerm om kvelden..

Men serien er spennande og skjermen gir deg masse blått lys i augene. Kroppen får beskjed om å mobilisere blodsukker, og dette gjer at du kanskje også får lyst på litt ekstra sukker. Og så kjem det masse tips frå alle kantar om korleis du skal redusere søtsuget ditt. Dei handlar stort sett om trening, kosthald og motivasjonstips. Men kroppen er forvirra: blått lys betyr jo “mobiliser blodsukker”.

Melatonin er eit signal om avslapning og ro. Når kroppen får signal om å gire opp istaden vil ikkje dette melatoninet bli skilt ut i hjerna di. Mørket gjer at du skiljer ut melatonin, lyset gjer at du blokkerer utskiljinga av melatonin. Når sola står opp går det frå å vere mørkt, til å bli lys med kortare og kortare bølgelengder, dette vekker oss opp, mobiliserer kortisol og blodsukker og reduserer melatonin. Når sola går ned går det frå å vere masse lys til å bli mindre og mindre lys med lengre og lengre bølgelengder. Dette er eit signal til kroppen om å roe ned og mellom anna begynne å skilje ut melatonin og restituere kroppen. Kortisol og blodsukker mobiliserer energi og reduserer melatonin. Sidan melatonin er eit hormon som hjelper til med alle restitusjonsprosessar i kroppen, vil du ved å forstyrre dette hormonet vil du forstyrre kroppen sin restitusjon. Du forstyrrar det med å sjå lys etter solnedgang. Vi treng både lys og mørke.

Gud såg at lyset var godt og Gud skilte lyset frå mørkret. Lyset kalla han dag og mørkret kalla han natt.

Forskjellen mellom dag og natt har aldri vore mindre. Som Jack Kruse skreiv i eit av sine mange blogginnlegg: “Vi er den einaste arten smarte nok til å finne opp kunstig lys og dumme nok til å leve under det”. Kanskje er det dette den viktigaste faktoren for all den kroniske sjukdommen som eksisterer i samfunnet i dag?

Elektromagnetismen gir oss rytme, ei rytme skapt av samspelet mellom sola og jorda. Verdas mest leste bok startar med å beskrive denne rytmen, det er neppe tilfeldig.

[i] The Feynman Lectures on Physics Vol. I Ch. 28: Electromagnetic Radiation

[ii] Pilot study on the effect of grounding on delayed-onset muscle soreness. – Abstract – Europe PMC

[iii] https://open.spotify.com/episode/4fjDRjOR7kaMSYEeO1ebU7?si=30a326f9508b42fc

[iv] https://open.spotify.com/episode/2gDUl2OieHxlOjMBRwe6pq?si=083051d99d4e4104