I dag er det haustjamndøgn. Ein av dei to dagane der dagen og natta er nærast å vere like lang overalt på kloden vår. Det skjer jo ein gong om våren og ein gong om hausten, og det tydar på overgangar.
Haustjamndøgnet antyder ein ny fase. Vi går inn i ein fase med meir mørke enn lys.
Har dette noko å seie da?
Det verkar som om det moderne samfunnet vi lev i kjempar imot det og prøver å late som om vi mennesker fungerer akkurat likt året rundt. Eg trur dette er ein av dei viktigaste grunnane til at det er så mange kroniske sjukdommar og skadar og at mange slit med diverse vondter her og der. For fysiologien vår fungerer ikkje likt om sommaren og om vinteren. I dette innlegget vil eg ta deg med på nokre aspekt med fysiologien vår som endrar seg no som vi går inn i den mørke halvdelen av året. Eg trur nemleg at dette er noko det er veldig lurt å bli bevisst på, for omfavnar du dette kjem du til å få ein god vinter. Dei endringane som skjer mellom sommar og vinter har mykje å seie for kva du tenkjer og føler og korleis kroppen din fungerer. Dette har implikasjonar for vårt sosiale liv, korleis vi fungerer med tanke på jobb, korleis vi bør trene osv. (det har også store implikasjonar for kva det er lurt å ete, men skal vi ta for oss alt blir det ei bok og ikkje eit blogginnlegg).
Eg vil også her ta for meg ein del val eg no gjer etter å ha blitt bevisst på dette. Eg har sjølv hatt ein del helseproblem dei siste par åra, og eg trur at mykje kom av at eg ikkje levde i takt med kroppens rytmer.
Eg håper nokon vil ta til seg noko av den lærdommen eg kjem med her, og at den kan hjelpe folk til å leve betre liv. Samtidig forstår eg at det ikkje er lett å endre alt dette på ein gong. Så det kan vere lurt å begynne i det små. Så om du les dette og tenkjer at det gir meining og du har lyst til å anvende det vil eg råde deg til dette: Begynn med å tenkje “Kva er enklast å få til akkurat no?”
Men kva for rytmer er det som endrar seg no når vi går frå mest lys til mest mørke?
Balansen mellom serotonin og melatonin
I det siste er eg blitt meir bevisst på balansen mellom melatonin og serotonin. Begge desse stoffa brukast som hormon i kroppen (eit hormon er forresten eit stoff som blir skilt ut ein plass og har verknadar ein annan plass eller fleire andre plassar i kroppen. Ofte har har hormonar verknadar på heile kroppen samtidig). Begge desse hormonane blir skilt ut frå det som kallast “epifysen” eller “pinealkjertelen” (to namn for det same) i hjerna. Ein veldig spesiell del av hjerna som den franske filosofen Renes Descartes (ja, han som sa “Cogito ergo sum” (“eg tenkjer altså er eg”)) meinte var der sjela låg, fordi når han studerte hjerna såg han at den låg midt i hjerna og at det var berre ein av den, i motsetning til det meste andre som eksisterte i par (på same måte som du har to auger og to øyrer osv. har du stort sett to like delar på høgre og venstre side av hjerna).
I dag eksisterer det ein del små hint om at kanskje Descartes hadde litt meir rett i det med at pinealkjertelen var “sjelens sentrum” enn vi skulle trudd. Noko av dette er veldig kontroversielt og blir sett på som alternativt. Eg er veldig open for desse alternative syna, men i dag vil eg argumentere for dette frå ein ståstad som er solid backa opp av forskinga. For denne balansen mellom melatonin og serotonin er noko som påverkar oss i så stor grad at vi kan seie det påverkar “sjela” vår.
Balansen mellom melatonin og serotonin er noko av det som gjer at vi fungerer annleis om dagen enn om natta. Grunnen til det er at serotonin først og fremst er eit hormon som pinealkjertelen skiljer ut om dagen, medan melatonin er eit hormon pinealkjertelen skiljer om natta (og det er viktig å påpeike at det er sånn når det gjeld det pinealkjertelen skiljer ut. For som vi skal kome tilbake til er det også ein annan mekanisme for melatonin enn utskiljing frå pinealkjertelen). Serotonin har dei effektene at det gjer at du føler deg meir proaktiv, du kan få lyst til å vere sosial og til å få ting gjort. Melatonin gjer at du blir døsig og får lyst til å slappe av. Melatonin er ofte knytt til søvn, men det er ikkje eigentleg melatoninet i seg sjølv som gjer at du sovnar. Melatoninet er meir eit avslapningshormon som roar ned nervesystemet ditt. Dette gjer at det er lettare å sovne, men du kan ha høgt melatonin utan å faktisk sove.
Melatonin og serotonin er bygd av same byggestein – aminosyra tryptofan. Faktisk er det sånn at melatonin blir laga av serotonin. Det er sånn at tryptofan omdannast til serotonin, som vidare omdannast til melatonin. Dette skjer via nokre steg, via nokre enzym (som er små proteinar som hjelper kjemiske prosessar til å skje). Og det som bestemmer om serotonin skal omdannast til melatonin eller ikkje, kva er det? Det er lyset.
Vi menneske er dagaktive dyr og som dagaktive dyr er alt i kroppen vår sett opp sånn at vi skal vere aktive på dagtid. Serotonin er eit av våre “dagtidshormon”, melatonin er eit av våre “natthormon”. Serotonin vil, saman med mellom anna dopamin, beta-endorfin og kortisol og ei rekke andre stoff i kroppen, gjere at vi føler oss vakne og opplagte på dagtid. Melatonin, saman med ein del andre stoff i kroppen, vil gjere oss trøtte og avslappa og gjere at vi får lyst til å gjere litt andre ting enn det vi får lyst til om dagen. Og dette er eit viktig poeng, for etter eg har blitt bevisst på dette har eg begynt å tenke litt annleis om korleis eg skal legge opp dagane mine om vinteren kontra om sommaren. Eg kjem tilbake til ein diskusjon om det, men først vil eg framheve viktigheita av melatonin for restitusjon.
Melatonin som eit supermolekyl som reparerer kroppen
Veldig mange har fått med seg at melatonin er eit stoff som gjer folk trøtte. Men mange trur at det er det einaste det gjer. Det er langt ifrå sannheita. Melatonin har nemleg også direkte roller når det gjeld å byggje opp igjen kroppen etter at den har blitt belasta. Og det blir den jo kvar dag, uansett kva du gjer. Melatonin er nemleg eit av kroppen sine kraftigaste antioksidantar. Antioksidantar er noko dei fleste har høyrt om, men kva er det eigentleg?
Når kroppen jobbar dannast det noko som kallast reaktive oksygenradikalar og reaktive nitrogenradikalar. Dette kan dannast som biprodukt av metabolismen, av enzymatiske reaksjonar og gjennom det ein blir eksponert for i miljøet sitt. Dei reaktive oksygenradikalane og nitrogenradikalane er noko vi ofte omtalar som “frie radikalar”. Frie radikalar har upara elektron i overflatestrukturen sin. Elektron eksisterer normalt i par, og det at desse molekyla har eit elektron som ikkje er i par gjer at dei ønsker å “stele” elektron frå andre molekyl. Dersom dei stel elektron frå andre molekyl vil det molekylet dei stel elektrona frå “oksidere”, for å oksidere betyr å miste elektron. Dette skaper det som kallast “oksidativt stress”.
Oksidativt stress er ikkje utelukkande negativt. Det er viktig som signal i kroppen, mellom anna eit signal som gjer at kroppen faktisk responderer på trening (særleg kondisjonstrening. Når det gjeld styrketrening snakkar vi heller om metabolsk stress). Dei frie radikalane som skapar oksidativt stress er også noko kroppen faktisk bruker som eit våpen for å bryte ned celler og vev som ikkje fungerer lenger. Når du for eksempel trenar hardt eller dett og slår deg kan faktisk dei kvite blodcellene i kroppen gi ein “oksidativ burst” der dei gir området som treng reparasjon eit “burst” (kan oversetjast som eit uslepp eller ein eksplosjon) av reaktive oksygen- og nitrogenradikalar, og desse går inn og øydelegg molekyla som treng å øydeleggjast for at vevet skal kunne bygge seg opp igjen (og etter kvart kanskje også bli sterkare, som gir deg treningseffekt).
Frie radikalar og oksidativt stress er dermed absolutt ikkje noko negativt i seg sjølv, men det er negativt om det blir for mykje av det. Derfor har kroppen utvikla mekanismar som held dette i sjakk. Og her kjem det nokon stoff inn som du garantert har høyrt om: antioksidantar.
Antioksidantar er, som namnet tilseier, noko som motverkar oksidering. Sidan oksidering er å miste elektron må det som motverkar det gi elektron. Antioksidantar er stoff som har den eigenskapen at dei kan gi frå seg elektron utan at dei sjølv blir ustabile og reaktive.
Og det er jo mange som er opptekne av antioksidantar i kosthaldet sitt. Dei fleste av dei verkar det som ikkje eigentleg veit kva eit antioksidant faktisk er. Dei berre har høyrt at det er viktig og så snakkar dei om mat som dei har høyrt at inneheld mykje antioksidantar. Etter at eg har gått djupare inn i fysiologien har eg begynt å tenkje at viktigheita antioksidantar i kosten i beste fall er overdrive. For kroppen sine kraftigste antioksidantar kjem ikkje frå maten.
Eit av kroppens kraftigaste antioksidantar? MELATONIN!
Og melatonin er ikkje berre eit anti-oksidant i seg sjølv, men det er noko som i tillegg hjelper til med å aktivere andre anti-oksidantar i kroppen. Melatonin fungerer både som eit antioksidant i seg sjølv og som eit signalstoff som aktiverer andre antioksidantar.
I tillegg har melatonin den effekten at det reduserer aktiviteten til pro-oksidantar – altså stoff som aukar oksidasjon (Husk: oksidasjon er også viktig, men vi vil ha passe mykje av det, ikkje for mykje).
Melatonin + jording = sterk evne til opprydning i kroppen?
Sidan vi snakkar om antioksidantar, så kan vi jo også nemne dette med jording. Antioksidantar verkar altså gjennom å ha evna til å gi frå seg elektronar og dermed motverke oksidasjon. Eg har jo tidlegare snakka mykje om jording, som gir fri tilgang til elektronar. Og forskinga på jording har tyda på at ein resituerer seg raskare når ein jordar seg enn når ein ikkje gjer det (sjekk gjerne ut podcastepisoden min om jording (https://open.spotify.com/episode/68Xins484LaU4ZQvT6dcdb?si=4fa4edb12dcc451c eller ein av dei eg har vore gjest i (søk opp namnet mitt på spotify eller podimo, så finn du dei).
Jording er sannsynlegvis ein av kroppen sine viktigaste antioksidant-mekanismar og er ein av grunnane til at alle burde jorde seg så mykje som mogleg. Jording har ein annan antioksidant-mekanisme enn dei antioksidante stoffa gjennom at det ikkje er stoff som gir elektronar, men at det kan gi frie elektronar som ikkje er bunde til noko stoff. For jorda er nemlig full av frie elektronar som kan strøyme inn i kroppen vår når vi er i kontakt med jorda, enten direkte eller via jordingsutstyr som kan leie elektronane gjennom.
Så her har vi då to mekanismar som hjelper til å halde det oksidative stresset under kontroll: melatonin skilt ut når det blir mørkt, som kan gi elektronar dit det trengs, og det å vere i kontakt med jorda si elektriske ladning, sånn at elektronane kan strøyme inn i kroppen og hjelpe til der dei måtte trengast.
Så då kan vi seie: Om du er jorda og har det mørkt: får du då super-restitusjon?
- P.S. Eg legg ved ein link til jordingsprodukta eg sjølv bruker og har fått venner og kundar av meg til å bruke om du vil sjekke det ut. Eg fekk tildelt ein “affiliate link” etter eg hadde reklamert for dei gratis i fleire podcastar. Eg fekk ingen rabatt, men om du kjøper via lenka mi får eg ein liten prosentandel av salsinntekta. Ein fin måte å støtte mitt arbeid med å spre kunnskap på om du syns eg fortener det
Melatonin inne i mitokondriane
Og så tenkjer du kanskje: “Men om sommaren vil vi jo ha lite melatonin da. Då får eg ikkje desse effektene?”
Jo, for naturen er smart.
Faktisk har kroppen to plassar (minst) der det blir skilt ut melatonin. Og dette fortel oss litt om melatoninet si viktigheit når det gjeld å reparasjonsprosessar i kroppen. Melatonin blir, i tillegg til skilt ut i hjerna, også produsert og brukt i mitokondriane.
Mitokondriane er kroppens “kraftverk” som gjer om maten du et til energi du kan bruke til å bevege deg, tenke og i det heile tatt leve. I mitokondriane skjer det veldig mykje, og der blir det danna ein del av dette oksidative stresset. Derfor har mitokondriane sitt eige antioksidant-system for å halde dette i sjakk, og melatonin er ein av dei viktigaste spelarane i dette systemet, der det verkar som eit antioksidant i seg sjølv og som eit stoff som fremmar aktiviteten til andre antioksidantar.
Og kva stimulerer melatonin til å skiljast ut inne i mitokondriane?
Her har vi ein av dei tinga moderne teknologiske nyvinningar har lært oss. Kanskje har du høyrt om raudlysterapi? Ein av dei store og veldig kjente effektane av raudlysterapi er å redusere inflammasjon i kroppen. Ein av mekanismane som får det til å skje er gjennom nettopp melatonin. For raudt og infraraudt lys det stimulerer mitokondriane til å produsere melatonin, og dette melatoninet er altså noko mitokondriane sjølv bruker for å hanskast med det oksidative stresset som oppstår der.
Raudt og infraraudt lys er det det er mest av i sollyset som når oss her på bakken. Spesielt det infraraude, som vi ikkje kan sjå, men som vi kan føle som varme.
Vi får også eit hint om kor viktig raudt lys faktisk er om vi tar opp ei lommelykt. Gjer gjerne dette eksperimentet sjølv: Ta opp ei lommelykt, f.eks. den på telefonen din og bruk den i eit mørkt rom. I lommelykta vil du sjå at det kvitt lys. Det ser kvitt ut fordi det er ei blanding av alle regnbogens fargar. Tar du fingeren framfor lommelykta på telefonen din f.eks. vil du sjå at alle dei andre fargane bortsett frå raudt forsvinn. Raudt derimot kan du sjå at sprer seg utover i fingeren.
Dette syns eg er fascinerande! Det antydar ikkje berre at kroppen absorberer det raude lyset, men at den også har utvikla mekanismar for å spre det utover i kroppen!

Vi har ikkje brukt kunstig raudlysterapi så lenge, ELLER?
Raudlysapparat er noko vi nettopp har begynt å bruke, eller noko som iallfall er blitt mykje meir populært i det siste, men vi kan faktisk argumentere for at raudt og infraraudt lys er den kanskje eldste “biohacken” vi har (eg kallar det “Biohack” når ein brukar teknologi til å framprovosere ein biologisk mekanisme. Dermed er ikkje for eksempel kuldeeksponering ein biohack med mindre du bruker teknologi for å kjøle ned vatn eller luft for å bli kald). For noko som inneheld mykje raudt og infraraudt lys er flammar. Og flammar har vi jo brukt ei stund som art, og sannsynlegvis har våre forfedre brukt ein del bål i kvardagen sin. Så sånn sett kan vi seie at vi har brukt kunstig raudlysterapi ei god stund.
Så om du føler det er godt å sitje framom peisen eller ved eit bål, så er faktisk kanskje ein av grunnane at det stimulerer denne melatonin-mekanismen inne i mitokondriane. Og kroppen din veit det er bra, så den gir deg endorfinar frå det, sånn at du skal få lyst til å gjere det meir.
Men her er det viktig å skilje mellom dei to mekanismane av melatonin. Å sitje foran peisen vil ikkje auke utskiljinga av melatonin frå pinealkjertelen, og det er den som styrer døgnrytma. Derimot vil det nok heller verke motsett veg, for alt lys vil redusere melatoninproduksjonen i hjerna. Flammar, både store og små (som stearinlys) er ikkje noko unntak. Men lyssamansetjninga og lysstyrken er noko vi er meir tilpassa, så det vil ikkje vere like øydeleggjande som det er å sitje under lys frå moderne lyspærer.
Grunnen til at eg trekker fram dette er for å framheve dette poenget: Raudt og infraraudt lys fører til utskiljing av melatonin lokalt i mitokondriane. Mørke fører til utskiljing av melatonin i pinealkjertelen i hjerna, som har effekter på heile kroppen. Sola gir oss raudt og infraraudt lys frå den står opp om morgonen til den går ned om kvelden, og då tar mørket over.
Dette betyr: vi har melatonin tilgjengeleg heile døgnet! Heile døgnet kan melatoninet hjelpe til med opprydningsprosessar i kroppen din!
Om vi lev i takt med natured da…

Melatonin-mangel gjer at vi blir sjuke og skada?
Men å leve i takt med naturen er det få som gjer.
Etter at eg begynte å forstå kroppen sine rytmer, og forskjellane i fysiologi mellom lys og mørke har det blitt ganske openbart for meg kvifor det er så mange som blir sjuke og skada. Eg har sagt det før: ALT av uhelse handlar om at vi ikkje lev i takt med naturen lenger. Mange trur det handlar om kosthald, spesielt ultrarprosessert mat og slik. Og ja, det trur eg også spelar ei rolle, men eg trur det er litt overdrive.
Eg trur det er fleire ting som har mykje meir å seie for sjukdommen i dagens samfunn enn maten, og noko av det aller viktigaste er lyset. Dersom vi tenkjer på melatonin som eit supermolekyl som reparerer kroppen forstår vi at dei fleste ikkje får dette supermolekylet i dei mengdene dei skal.
For når det no blir haust har jo dei fleste eit liv der dei jobbar eller studerer innandørs, og når dei er ferdig med det så går dei heim, sit i eit godt opplyst rom og ser på ein skjerm. Dei får ikkje melatonin inne i mitokondriane frå sola og dei får ikkje melatonin frå pinealkjertelen etter at sola er gått ned, iallfall ikkje i dei mengdene dei ville ha fått om dei faktisk hadde hatt det mørkt.
Når melatonin er så viktig at kroppen har mekanismar for at vi får det både når det er lyst og når det er mørkt tyder kanskje det på at det er ekstremt viktig? Kan det at vi ikkje legg til rette for at kroppen skal få effektane av melatonin vere ein av dei største grunnane til at folk slit med helsa i dag?
Å legge til rette for høgt melatonin: Gode, dårlege og middels gode råd
Dei siste åra har mange blitt meir opptatte av å legge vekk skjermen ein time eller to før leggetid. Dette kan vere lurt, men når vi tenkjer på melatonin er det ikkje nok.
Kva er gode råd?
Skal vi vere heilt ærlege med oss sjølve kan vi seie at kroppane våre ikkje er tilpassa å sjå lys etter solnedgang. Ikkje i det heile tatt, kanskje bortsett frå månelys, som vil varierer gjennom månaden (som opnar opp ein heilt ny diskusjon om kroppen sine rytmer). Stearinlys, ovn og peis har vi hatt lenger, så det er noko vi i større grad kan tole, kanskje er det til og med positivt i nokre tilfeller, som eg nemnte over her.
Kva med blålysbriller? Er det lurt?
Igjen, la oss vere heilt ærlege med oss sjølve: Vi bør prøve å unngå lys etter solnedgang. Det er det beste. Vi skal også huske på at huda vår også kan oppfatte at det er lys (det er lysreseptorar i huda), så det er ikkje berre å ta på seg blålysbriller og så er alt fiksa.
Men når det er sagt så er blått lys verre enn raudt lys og augene er den delen av kroppen som er viktigast med tanke på lyssignal. Derfor er det absolutt betre å ha blålysbriller enn å ikkje ha det dersom oppheld deg i eit lyst rom og/eller ser på skjerm etter at sola har gått ned.
Og kva med appar som justerer lys på PC, telefon og TV?
Ja, det er lurt! Innstillingane på dei er ofte sånn at det er veldig mykje blått lys, isolert blått lys utan dei raude og infraraude bølgene som stabiliserer det blå (mellom anna gjennom denne melatonin-mekanismen eg har skrive om). Det finst også appar som filtrerer ut det blå lyset og gjer skjermen meir raud eller oransj. Desse bølgelengdene forstyrrar melatoninproduksjonen mindre enn dei blå. Dette blir jo meir likt som det vi får frå ild, som vi som nemnt har hatt ei stund.
- Sjølv brukar eg appen Iris på Pcen min og Twilight på telefonen min. Eg legg ved lenkar til dei under.
I tillegg er det også lurt å ha på så lite lys som mogleg på dei skjermane du bruker. Her er tips å dimme dei ned (som du iallfall kan gjere på PC og telefon. Eg trur også nokre Tvar har den funksjonen). I tillegg kan det vere lurt å ha på “mørk modus” på dei programma du bruker på PC eller telefon, altså sånn at bakgrunnen er svart heller enn kvit.
- (Dette er noko eg sjølv har på alt eg bruker på Pcen om kvelden. Før hadde eg det berre på Word og OneNote som eg jobba i, men så fann eg ut at eg også kunne gjere det på internett. Det er faktisk ei innstilling der du kan “tvinge” mørk modus, sånn at nettsider der bakgrunnen i utgangspunktet er kvit faktisk blir svart. Dette finn du om du skriv inn nettlesaeren sitt namn og flags sånn som dette: edge://flags/ eller chrome://flags/ eller kva for ein nettlesar du bruker og så søker du “dark mode”. Då vil du finne “auto dark mode”, og så kan du huke av for “enabled”)
- Vil du endre det på Word/OneNote osv. går du til “Fil”, så til “alternativer”, så til “office-tema” der du kan huke av for kva farge du vil ha.
- Slike praktiske ting er forresten noko du gjerne kan spørje ChatGPT eller annan KI om.
Når dette er sagt vil eg seie at det nesten ikkje er lurt å bruke elektrisk teknologi etter det er blitt mørkt i det heile tatt, og at eg ikkje ville brukt det kvar dag. Grunnen til det skal eg kome tilbake til, men det har med at det faktisk ikkje berre er lyset gjennom augene som kan hemme melatoninutskiljinga. “Lys” når vi snakkar om det i fysikk er elektromagnetisk stråling. Og det viser seg at også elektromagnetisk stråling vi ikkje kan sjå også kan påverke melatonin. Dette skjer gjennom både naturlege prosessar som endrar elektromagnetiske frekvensar i atmosfæren vår, og det skjer gjennom teknologien vi bruker. Mellom anna har studiar vist at eit av dei enzyma som omdannar serotonin til melatonin kan bli hemma av ekstremt lågfrekvente elektromagnetiske frekvensar (på f.eks. 15 og 50 Hz). Eg kjem ikkje til å gå så mykje meir inn på dette i dette innlegget, men snakke meir om det i seinare blogginnlegg.
- Om du er nysgjerrig på dette no kan eg tipse deg om ein podcastepisode eg laga i sommar: https://open.spotify.com/episode/2gDUl2OieHxlOjMBRwe6pq?si=a965fb00a470411c, og eg kan tipse deg om ein forskingsartikkel som gir ei god oppsummering av dette: Schumann Resonances, a plausible biophysical mechanism for the human health effects of solar/geomagnetic activity. Informasjonen vi får her tydar også på at balansen mellom melatonin og serotonin ikkje berre varierer med årstida, men at det også er syklusar over mange år som påverkar dette.
Kva om eg må ein tur på butikken om kvelden?
Det er noko av det dummaste du kan gjere. Det er heilt forferdeleg det lyset som er i daglegvarebutikkar. Det er veldig blått lys og det er alt for skarpt om kvelden og natta. Eg går ALDRI på butikken etter sola er gått ned eller før den er stått opp lenger. Det tullar til heile systemet. Eg syns også synd på dei som jobbar der! (tenk dersom vi alle sluttar å gå på butikken om kvelden da, då slepp jo dei også å jobbe så lenge?). Du klarer å planlegge sånn at du ikkje går på butikken om kvelden.
Balansen mellom melatonin og serotonin fungerer som ein kalender
Sidan omdanninga av serotonin til melatonin i pinealkjertelen aukar når det blir mørkt vil det vere stor forskjell på årstidene med tanke på korleis denne balansen er. Om vinteren vil det vere meir mørke og dermed vil melatonin dominere større delar av tida. Dette vil vidare ha effekter også på alt anna i kroppen.
Og desse to hormonane har også innverknad på korleis vi oppfører oss og korleis vi har lyst til å oppføre oss.
Serotonin gjer oss mellom anna meir proaktive og sosiale. Det er er eit hormon som får oss til å føle oss vel og får oss til å føle oss litt meir sjølvsikre. Melatonin er derimot eit signal om avslapning (og no snakkar eg om det som blir skilt ut i hjerna). Det er lyset som bestemmer om serotoninet skal bli omdanna til melatonin eller ikkje, så generelt er det sånn at når det er lyst dominerer serotonin, når det er mørkt dominerer melatonin. I vinterhalvåret vil vi derfor ha flest timar med melatonin og i sommarhalvåret flest timar med serotonin som dominerer.
Derfor: No som vi går inn i denne mørkare tida så er det naturleg at oppførselen vår endrar seg. Vi kan få mindre lyst til å gå ut og søke sosial kontakt og meir lyst til å vere meir for oss sjølve og/eller med berre våre aller nærmaste og slappe av. Meir lyst til å krype inn i “holene” våre heller enn å gjere veldig mykje.
Det skjer jo som regel meir om sommaren enn om vinteren, gjer det ikkje? Med unntak av rundt juletider då det skjer mykje til tross for at det er mørkt. Og kanskje har du også lyst til å gjere meir om sommaren enn om vinteren?
Dette heng saman med biologien vår. Vi kan vere meir aktive om sommaren fordi sola gjer at kroppen toler meir. Dette skjer gjennom mekanismane med raudt og infraraudt lys og det skjer gjennom at vi får meir UV-lys som gir oss D-vitaminar og melanin, som også er stoff som hjelper til med restitusjonen (ja, melanin gjer faktisk mykje meir enn å berre gjere oss brune).
Når vi vel å bu her oppe i nord vel vi å ha ein kropp som fungerer ulikt gjennom året. Og eg vil argumentere for at dette absolutt kan vere ein veldig fin ting. Etter at eg begynte å bli bevisst på dette har eg begynt å omfavne årstidene meir. Det vil seie: eg har alltid omfavna sola om sommaren, men no har eg begynt å også omfavne den svakare sola om hausten (mellom anna fordi den framleis gir mykje raudt og infraraudt lys) og eg har begynt å omfavne mørket meir. Og det er faktisk noko eg trivst med.
Korleis eg kjem til å legge opp kvardagen min no som det blir mørkt og kaldt
Serotonin gjer oss proaktive, melatonin gjer oss avslappa. Denne opplysninga har fått meg til å begynne å tenkje på korleis eg jobbar. For dette meiner eg antydar at dagtid er tida for å produsere, kveldstid er tida for å slappe av og vere meir passiv. Dette betyr ikkje nødvendigvis at eg ikkje gjer noko om kvelden, for eg merkar det at å sitje roleg med stearinlys og lese noko interessant absolutt er noko som gir meg mykje om kvelden. Dette var noko eg begynte å gjere meir av i vinter, og mykje av den kunnskapen eg tok inn då har vore kunnskap eg har brukt til å produsere ting dei siste månadane. Eg syns dette gir meining: Sola gir meg meir serotonin som gir meg meir lyst til å produsere ting og vere aktiv. Mørket gir meg meir melatonin, som gir eit signal om ro og passiv konsumering av informasjon.
Kvelden likar eg også veldig godt til å sitje å meditere, noko eg har begynt å gjere kvar einaste dag før eg legg meg. Då sit eg der og lyttar til kroppen og tankane mine, kanskje visualiserer litt osv.
Kveldstid med svak belysning merkar eg også kan vere ei fin tid for gode samtalar. Og samtalane blir kanskje litt annleis då enn dei blir om dagen.
Trening: Feila eg ikkje vil gjere igjen
Og så kan eg jo no kome litt inn på grunnen til at eg er blitt så interessert i dette temaet og grunnen til at eg er veldig opptatt av å leve i takt med naturen. For eit par år sidan gjekk eg nemleg på ein smell. Eg sleit med at eg veldig ofte blei sjuk og at eg ofte hadde lavt energinivå. Etter kvart fann eg ut at det var stoffskiftet mitt som var lavt. Eg trur dette kan ha hatt veldig mykje med det at eg ikkje levde i takt med naturen å gjere.
Eg trente mykje og dreiv aktivt med løping, og eg hadde fått føre meg at det var lurt med ein del varmetrening, så eg sprang mykje på mølla heller enn å springe ute. I tillegg hadde eg jo over lengre tid jobba og studert mykje innandørs. Det vil seie: Eg fekk lite dagslys, og når eg også gjekk ovre til å trene meir inne fekk eg enda mindre. I tillegg var eg ikkje så opptatt av å ha det mørkt om kvelden. Eg hadde heller ikkje blitt merksom på det med jording, så eg var så å seie aldri jorda på den tida, bortsett frå varme sommardagar når eg låg på graset og sola meg og bada i sjøen.
Kan mine helseproblem ha vore knytt til mangel på melatonin? Eg trur det. Eg trur rett og slett eg ikkje gav kroppen nok lys og ikkje nok mørke. Då blei det problem. Eg takla det kanskje ei stund, fordi eg var godt trent og hadde ein generelt velfungerande kropp, men det fungerte ikkje i lengden.
Eg er no på veg tilbake i god trening etter eit par år med lite trening og nesten ingen konkurransar. Og her er nokre ting eg ikkje kjem til å gjere:
- Eg kjem ikkje til å springe på mølla eller andre plassar innandørs (som på innandørs friidretssbaner). Eg kjem til å berre trene ute.
- Eg kjem ikkje til å trene når det er mørkt ute. Dagen er til for å vere aktiv, natta er til for å slappe av og reparere (men kanskje finst det nokre unntak frå naturen si side? Nokre kveldar når det er fullmåne og snø gir veldig mykje lys om natta. Det kan vere eg vel å utnytte).
- Eg kjem ikkje til å sitje i godt opplyste rom om kvelden, men, i så stor grad som mogleg, unngå kunstig lys. Eg kjem til å vere mest mogleg ute på dagtid (ja, eg sit faktisk ute i sola mens eg skriv desse setningane), også når eg ikkje trenar, og eg kjem til å sitje i mørket eller med stearinlys eller lys frå omn/peis/bål om kvelden.
Å tulle med naturen vil skape problem
For nokon vil dette kanskje høyrest voldsomt ut, det forstår eg. I eit samfunn der vi har kunstig lys så gir det oss mange moglegheiter vi ikkje hadde før. Det at vi har moglegheita gjer at vi kan velje å gjere det, men det betyr ikkje at det er lurt. Alle val vi gjer vil ha konsekvensar.
Og sjølv om mange kanskje syns eg er sær når eg er så oppteken av desse tinga så står eg veldig greit i det. Eg ser rundt meg, både blant idrettsutøvarar eg kjenner og veldig mange andre i samfunnet, og ser at mange har problem – mykje skadar, mykje sjukdom og mange som slit med ting over lang tid. Eg er overbevist om at det å ikkje leve i takt med natur er det som driv dette. Det er kroppane våre som seier ifrå.

Kunstig lys og passiv røyking
Eg syns det er ein god regel å leve livet sitt akkurat som ein vil så lenge det ein gjer ikkje går utover andre. Så om du, til tross for denne informasjonen du har lest i dette blogginnlegget, vel å sitje i eit godt opplyst rom og sjå på TV om kvelden er det heilt greit.
MEN: Kva om det går utover andre da? Er det då greit?
Folk som røykar tar no stort sett hensyn til folk som ikkje røykar. Dei tar det valet om å røyke, sjølv om dei veit det vil ha negative konsekvensar, men dei veit også at passiv røyking kan ha negative konsekvensar.
Og her vil eg stille deg spørsmålet: Er kunstig lys som passiv røyking? Lys etter solnedagang vil redusere melatonin, som vil ha effekt på restitusjonen din. Dersom du er med andre vil det også ha effekt på restitusjonen deira. Dette kan føre til helseplager.
Er det eigentleg etisk sett nokon forskjell på å utsetje nokon for kunstig lys ufrivillig og å utsetje nokon for passiv røyking ufrivillig?
Ein av grunnane til at eg har lyst til å dele mine tankar om dette er rett og slett at eg har lyst at vi som samfunn skal kome dit at vi forstår dette med naturens rytmer og at vi forstår at dei vala vi gjer også påverkar andre.
Kjem vi faktisk dit, som eg trur vi gjer på eit eller anna tidspunkt, så trur eg vi ser eit heilt anna samfunn enn i dag. Eit samfunn der vi respekterer naturen meir og lev meir i takt med den. Då blir det slutt på butikkar som er opne frå 7-23 med lys som er helseskadeleg for dei ansatte, det blir mindre gatelys. Det blir mørkare om vinteren.
Haustjamndøgnet er overgangen til ein ny fase
Haustjamndøgnet er overgangen til ein ny fase. Det markerer at frå no av blir nettene lenger enn dagane. Det blir meir mørke enn det blir lys. Dette har vi i dette innlegget prøvd å forstå gjennom å forstå balansen mellom dei to hormonane serotonin og melatonin, som blir bygd av same byggestein og skilt ut same stad i hjerna. Frå no av og fram til vårjamndøgn om eit halvt år vil vi den største delen av døgnet ha melatonin som det som dominerer av desse to. Men dette endrar seg jo gradvis. Det vil bli litt og litt meir melatonin i forhold til serotonin frå no av fram til sola snur den 22. desember.
Dette skjer gradvis, så det er jo ikkje noko plutseleg endring frå i går til i dag, men dagen i dag er likevel spesiell, sidan det er den dagen der dagen og natta er nærast å vere like lange og dermed markerer overgangen til denne mørke delen av året.
Eg trur også at vi som samfunn begynner å forstå at vi må tilbake til å leve meir i takt med naturen sine rytmer no. Eg trur derfor at dette jamndøgnet er eit som vil få fleire til å reflektere over kroppen sine rytmer. Reflektere over kva som er forskjellen mellom sommar og vinter, og korleis vi kan omfavne desse forskjellane heller enn å kjempe imot dei.
I dag er eg ute store delar av dagen. Det første eg gjorde i dag, som eg no har begynt å gjere kvar dag, var å vere ute medan sola gjekk opp. Eg gav kroppen min informasjon om at “no er det dag”, i kveld skal eg vere ute medan sola går ned og gå inn og sitje i mørket og lese, skrive ned tankane mine, meditere, eller høyre på roleg musikk.
Eg gler meg til mange av dei kveldane no! Eg elskar sol og sommar, men eg elskar også mørke rolege kveldar, både dei eg har mutters aleine i godstolen og dei eg har saman med folk eg likar. Og eg gler meg til å halde fram å bruke dei timane med dagslys eg framleis kan få. Eg gler meg til og med til å fryse litt (som også sjølvsagt er informasjon til kroppen om tida på året)
Kanskje har du også noko du gler deg til og som du likar med at det blir mørkare? Kanskje du også har lyst til å omfavne både lys og mørke meir framover?
Lenker:
Jordingsutstyr:
Appar for å redusere skjermlys
PC: 💡👨💻 Iris – Software for Eye protection, Health and Productivity 🛌👀
Telefon: https://play.google.com/store/apps/details?id=com.urbandroid.lux&pcampaignid=web_share
Artiklar om melatonin som antioksidant:
Melatonin: A Mitochondrial Targeting Molecule Involving Mitochondrial Protection and Dynamics
Melatonin in Mitochondria: Mitigating Clear and Present Dangers
Artikkel om melatonin og lys:






