Syns du det er digg å gå barbeint på graset eller på stranda? Det kan vere fleire grunnar til det, men hovudgrunnen kan faktisk vere elektrisitet. Du er nemleg jorda når du gjer det. Altså: du er i kontakt med jordas elektriske ladning.
Jording er eit konsept eg det siste året har vore ekstremt fascinert over, og ved å lese forsking og anekdoter rundt dette har eg kome fram til at jording kanskje er eit av dei mest oversette aspekta av helsa vår, om ikkje det ALLER mest oversette.
Eg veit at mange syns det høyrest rart ut. Litt sånn «woo-woo», men dette er fysikk. Det har seg nemleg sånn at kroppen din i aller høgste grad er eit elektrisk system. Nervesystemet ditt kommuniserer via elektriske impulsar som mellom anna kan setje i gang bevegelse i muskulaturen. Hjartet ditt slår på grunn av elektriske signal. Dei raude blodcellene dine har ei overflatespenning som påverkar tjukkelsen på blodet. Kroppens immunrespons er delvis styrt av elektriske prosessar.
Moder jord har ei negativ elektrisk ladning, og mykje tydar på at den kan vere med på å stabilisere alle desse prosessane i kroppen.
Moderne liv gjer held oss unna kontakten med jorda
Tenk på dette: alt i naturen, både dyr og plantar er jamleg i kontakt med jorda. Det har vi menneske også vore, men ikkje no lenger. No går vi på asfalt og med gummisålar under skoa, og vi lev i hus som har tregolv, som ikkje leier straum. Dei fleste i dagens moderne samfunn er berre jorda på ein varm sommardag når dei ligg på graset og solar seg eller badar i sjøen. Kva gjer dette med helsa vår?
MASSE, ifølge den forskinga og dei anekdotene eg har sett meg inn i. Det påverkar immunresponsen, blodet og hormonane våre (og mykje heng så klart saman).
I dagens samfunn er det mange som er stressa og mange som blir utbrente. Eg tenkte derfor at i dette innlegget vil eg fokusere på kva endringar ein ser i nervesystemet når ein jordar seg. Data tydar nemleg på at det skjer endringar UMIDDELBART etter at ein blir jorda. Ja, det skjer faktisk endringar på sekundet, som om ein flippar ein brytar, og det skjer endringar som tydar på at nerveystemet blir meir balansert, og at mange blir rolegare.
Muskelspenningar, hjernebølger og HRV
Ein av dei første studiane eg las på om jording var ein studie som heitte «The Effect of Grounding on Human Physiology (Chevalier et al., 2006). Her gjorde dei eit eksperiment med totalt 58 personar, derav 30 i kontrollgruppa og 28 i den gruppa som fekk jording (derav 22 dei fekk valide data på).
Her kopla dei seg til jorda ved hjelp av ei matte under leggane og elektrodar under foten og så var det ei leidning som leia ut og eit jordspyd ned i jorda. Det at det går an å jorde seg på denne måten er jo ein fordel i forskinga, for då kan ein kontrollere for placebo. Kontrollgruppa fekk også utstyret på seg, men det blei ikkje kopla til jorda: Dei var altså «Juksejorda». Eksperimentgruppa blei kopla til jorda, men ikkje før halvvegs i økta. Dei sat i totalt 56 min, og halvvegs i økta (altså etter 28 min) blei dei tilkopla jorda. Og det som var så fascinerande med denne studien var at ein såg endringar på sekundet. Dei målte hjernebølgeaktivitet (EEG), muskelspenningar (EMG) og nokre mål på puls (BVP).
Eg vil trekke fram nokre grafar eg syns var ekstremt interessante. Først data frå muskelspenningar:

Her ser vi altså dette: det skjer endringar UMIDDELBART. Nokon får høgare og nokon for lågare spenning.
Så kan vi sjå på nokre data frå hjernebølger:

Her ser vi altså to av deltakarane sine data (EEG-måling) frå venstre hjernehalvdel (det var nemleg venstre hjernehalvdel som endra seg). Vi ser også her at ting endrar seg i det sekundet dei blir jorda.
For å oppsummere dei viktigaste funna frå studien:
- Muskelspenningar: Endringar skjedde umiddelbart etter jording. Nokon fekk høgare spenning, andre lågare.
- Hjernebølger: I venstre hjernehalvdel viste halvparten av deltakarane endringar i EEG-målingane.
- Blodvolumpuls: 19 av 22 deltakarar fekk ein signifikant reduksjon i BVP, som refererer til endringar i blodvolum i ei blodåre. Dette skjedde sakte og gradvis, noko som gir meining sidan BVP ikkje er eit elektrofysiologisk mål, men eit direkte fysiologisk mål.
Jamt over tydar endringane på meir balanse i nervesystemet, og auka aktivitet i den delen som ein refererer til som det «parasympatiske nervesystemet». Dette er den delen som knyttast til ro og avslapning. Dette i kontrast til det «sympatiske nervesystemet» som er meir knytta til stress (omtalast ofte som «fight or flight», sjølv om det er ei forenkling)
Jording og hjarteratevariabilitet
Dette med at nervesystemet stabiliserer seg med jording er blitt støtta opp av ein studie som undersøkte hjarteratevariabiliteten (HRV), som også blir kalla «pulsvariasjon», som mange i Noreg har eit forhold til. HRV antyder at pulsen varierer. Den varierer mellom innpust, der hjartet slår litt fortare, og utpust, der hjartet slår litt saktare. Generelt sett kan vi seie at jo høgare varialibiltet jo mindre stressa er ein. Variabiliteten i seg sjølv er det enklaste målet, men det er også andre elektrofysiologiske mål som er knytta til HRV-målingar.
I ein studie (Chevalier & Sinatra, 2011) delte dei 28 personar i to grupper. Ei gruppe som skulle jordast og ei anna som skulle juksejordast. Alle sat i to timar, den gruppa som skulle jordast fekk jording i dei 40 minutta i midten, resten vart dei også jukse-jorda: dei sat på mattene og med elektrodane, men blei ikkje kopla til jorda. Dei gjorde dette for å sjå forskjellar mellom når dei var jorda og ikkje.
I begge grupper såg dei ei endring i favør meir balanse i nervesystemet, noko som ikkje er så rart med tanke på at alle berre sit og slappar av, men dei såg større endringar i gruppa som jorda seg. Mellom anna såg dei ein uke i Standardavviket på RR-intervallet (SDRR, som er eit av standardmåla på HRV) på 20% i den juksejorda gruppa og ein 50% auke i den jorda gruppa. Dei såg også større endringar i dei andre måla på HRV i den jorda kontra den ujorda gruppa i dei 40 minutta dei var jorda.
Påverknad på kortisol og døgnrytme
Når vi snakkar om det autonome nervesystemet kan vi også snakke om stresshormonar. Eit stresshormon er kortisol. Kortisol er viktig, men i riktig mengde og i riktig døgnrytme. Har du ei normal kortisolrytme skal nivået stige om morgonen, vere på topp rundt då du står opp og gå nedover utover dagen. Omtrent sånn som dette:

Men ikkje alle har denne rytma, og det har mange negative helseeffekter. Har ein ei anna rytme er det ofte vanskeleg å sovne om natta. Dei fleste hormonane i kroppen har døgnrytmer, derfor kan det å ha kortisolrytma ute av balanse også påverke andre hormonar og setje systemet ut av balanse.
I ein av dei første studiane (Ghaly & Teplitz, 2004) som blei gjort på jording ønska dei å sjå om det å sove jorda kunne påverke denne kortisolrytma. I studien deltok 12 deltakarar og dei målte kortisol gjennom eit døgn både før og etter dei begynte å jorde seg. Dei målte det i spyttet kvar fjerde time. Ein gong før dei begynte å jorde seg og ein gong etter 6 veker med å sove på ei jorda overmadrass.
Det som skjedde var svært interessant. Her er grafen før og etter:

Vi ser at kortisolrytma for dei fleste jamnar seg ut. For nesten alle begynner den å stige kl 4 om morgonen og når ein topp kl 8. Vi ser også at nokon av deltakarane hadde veldig høgt kortisolnivå på før dei begynte å jorde seg og mykje lågare etterpå.
Desse dataane tydar på at det å vere tilkopla jorda gjer noko med kortisolutskiljinga i kroppen, både mengda og rytma. Dette kan ha samanheng med dei dataane som tydar på at nervesystemet roar seg ned når ein blir jorda. I tillegg kan det hende at det har med ulike frekvensar i jorda å gjere. At det er ein form for informasjon frå jorda om når på døgnet det er. Lys og temperatur ser ut til å påverke døgnrytma vår, men kanskje er jording eit oversett aspekt her?
I denne studien rapporterte også deltakarane endringar:
- 11 av 12 sovna fortare
- Alle rapporterte at dei vakna sjeldnare iløpet av ei natt
- 9 av 12 rapporterte at dei følte seg mindre slitne på ein vanleg dag.
Dette er også i tråd med ein haug av anekdotiske rapportar om folk som sov betre og føler seg betre etter dei begynner med jording.
Korleis jordar du deg i praksis?
Eg trur mange har godt av å prøve ut jording, spesielt dei som er stressa og dei som slit med døgnrytma. Det enklaste å begynne med er jo å gå ut på naturleg underlag barbeint eller å bade i sjøen (eller i ferskvatn, men saltvatn leiar straum betre). Men dette passar kanskje ikkje så bra her i Noreg om vinteren. Heldigvis finst det også alternativ for å jorde seg innandørs. Sjølv brukar eg ei matte som eg kjøpte frå Grounding.com. Etter å ha prøvd også eit anna merke og testa litt, kom eg fram til at produkta derifrå var av god kvalitet. Og eg merkar effekten av det på at eg ofte vaknar tidlegare om morgonen no enn det eg gjorde tidlegare.
Konklusjon
Jording er sannsynlegvis eit av dei mest undervurderte aspekta av helsa vår. Dette seier eg både fordi effekten er stor og fordi så å seie ingen snakkar om det. Eg er overbevist om at dette er noko mange fleire kjem til å begynne med i framtida. Eg kjem til å dele meir informasjon om effekten på blodet og korleis kroppen responderer på skadar. Følg med!