Når eg var student sleit eg ofte med å fokusere over lange periodar om gongen. Det var fleire grunnar til dette, men ein ting eg skulle ønske eg visste meir om og var meir bevisst på den gongen var dette med lys. Eg har derfor lyst til å kome med nokre tips i dette blogginnlegget. Og desse tipsa handlar om lys.

Når du studerer ser du sannsynlegvis ein del på PC (eller Mac da. Eg kallar alt for PC eg, sjølv om eg høyrer folk skiljer mellom Mac og PC). Pcen er jo veldig praktisk og eit fantastisk verktøy, men den har sine problem. Spesielt med tanke på korleis lyset på den er. For du har jo sikkert høyrt om blått lys. Blått lys eksisterer aldri aleine i naturen. Det kjem alltid ilag med andre fargar.

For å forstå dette vil eg få deg til å tenkje på soloppgangen og solnedgangen. Korleis ser sola ut akkurat når den står opp eller akkurat når den går ned?

Den ser raud ut. Kvifor det? Fordi når du ser sola lavt på himmelen treff den atmosfæren med ein skrå vinkel. Dette gjer at atmosfæren filtrerer ut meir av lyset.

Atmosfæren vår er jo laga sånn at den filtrerer ut ein del av strålinga frå sola. Faktisk mesteparten. For ja, sola er farleg. Livet på jorda toler ikkje sola i si fulle kraft. Men heldigvis har moder jord laga ein beskyttande atmosfære som gjer at vi toler sola. Og ikkje berre toler vi den, men vi er fullstendig avhengig av den.

Atmosfæren vår slepp gjennom lys i det synlege spekteret, i tillegg til ein liten del av den infraraude delen og ein liten del av den ultrafiolette delen av spekteret.

Den synlege delen av spekteret inneheld alle regnbogens fargar, og du kan huske det med å huske på akronymet ROGBIF: Raudt, oransje, Gult, blått, indigo og fiolett.

Dette akronymet fungerer bra fordi det også er riktig rekkefølge med tanke på kva frekvensar lyset er på. Vi ser dei forskjellige fargane fordi lyset har forskjellige forskjellige frekensar, forskjellige bølgelengder. I den synlege delen av spekteret er raudt den lavaste frekvensen, fiolett er den høgaste. Og dei to usynlege delane (dvs. usynlege for oss menneske. Dette er ikkje likt for alle artar) heiter jo ultrafiolett og infraraud. Ultra betyr over og infra betyr under, så vi kan også kalle det underraudt og overfiolett lys.

Dei lågaste frekvensane har dei lengste bølgelengdene. Dei lengste bølgelengdene er dei som går lettast gjennom atmosfæren. Når sola står lavt på himmelen har den meir atmosfære å trenge gjennom, derfor dominerer dei raude strålane når sola står opp. Deretter kjem det meir gule, oransje, blå, indigo, fiolette, og til slutt ultrafiolette strålar gjennom atmosfæren vår. 

Dette lyset er det dine forfedre har sett. Dei har sett masse blått lys, men alltid balansert med andre fargar. Og du har sikkert høyrt at skjermlys er blått lys. Det same er dei fleste moderne lyspærer (men du kan skaffe lyspærer med andre fargar. Anbefalt). Dette er blått lys som ikkje er i balanse. Det er unaturleg for kroppen og unaturleg for augene dine.

Dette får vi jo eit ganske kraftig hint om med den trenden med “raudlysterapi”, som då inneber å bruke raudt og infraraudt lys for å få cellene i kroppen til å fungere betre. Mange prøver jo å “biohacke” dette og bruker kunstige raudlys. Men det raude og infraraude lyset eksisterer i naturen frå sola står opp til sola går ned.

Det blå lyset kjem aldri aleine, men det gjer det på Pcen din. Dette er eit problem. Alle hormonar i kroppen din er tilpassa at du lev i takt med lyset frå sola. Blått lys stimulerer mellom anna kortisol, som gjer at vi mobiliserer energi og blodsukker. Vi får lite blått lys når sola står opp, men når sola står høgare på himmelen får vi meir. Når vi ser soloppgangen og det går frå å vere mest raudt lys til å etterkvart bli meir og meir blått lys er det eit signal til kroppen om at det er på tide å vere aktiv, enten det er fysisk eller kognitivt.

Får vi ikkje dette signalet føler vi oss ofte trøtte og slitne. Dette får folk til å gripe etter kaffikoppen heller enn å løyse problemet med lysmiljøet sitt.

Og så gjer dei det verre når dei sit oppe og ser på Netflix eller scrollar på instagram om kvelden etter at sola har gått ned. For som sagt: blått lys er eit signal om vakenheit. Og dette er også grunnen til at skjermane inneheld blått lys. For still deg sjølv spørsmålet: Treng eigentleg ein skjerm å vere så blå? Kan ikkje ein skjerm ha lys som er meir balansert mellom alle fargane?

Svaret er at det kan den absolutt. Du har sikkert høyrt om at algoritmane på instagram og TikTok er laga sånn at du skal bruke mest mogleg tid på det? Vel, dette er berre eit av triksa for å få deg til å bruke meir tid på teknologien, også lyset på skjermen er eit sånt triks. Blått lys er det som gjer deg mest vaken. Når du ser på lys som er blå og ikkje endrar seg verken i farge eller styrke når kvelden nærmar seg vil du heller ikkje få signalet om at det er kveld og på tide å legge seg. Då blir du sitjande oppe lenger å sjå på TVen Pcen eller telefonen din. Og så får du betale prisen neste dag. Og så stor du opp, går på jobben eller studiet ditt og sit inne under blått lys og ser på ein blå skjerm. Over 50% av nordmenn har ein kronisk sjukdom i dag. Mange er deprimerte, mange slit med søvnen. Det snakkast mykje om mat for tida, men eg trur lyset er eit vesentleg større problem.

Betyr dette at vi skal slutte å bruke telefon og PC? Ikkje nødvendigvis, men vi må vere smarte. Her er nokre tips:

  • Kom deg ut om morgonen. Gå, sykle, springe til jobben eller studiet.
  • Sit ute og jobb så mykje du kan (ja, det går an. Eg sat ute heile tida mens eg skreiv dette innlegget)
  • Om du sit inne: Sitt nærme vinduet. Du bør også helst opne vinduet. Du får ein del av sollyset gjennom vinduet, men vindua filterer faktisk ut ein del også. Det er ikkje det same lyset du får gjennom vinduet som du får ifrå sola.
  • Om du sit inne: Gå deg turar iløpet av dagen.
  • Les mest mogleg på papir når du kan. Unngå å sjå på Pcen heile dagen.

I tillegg vil eg anbefale alle å bruke ein app som endrar lyset på Pcen din. Eg bruker her noko som heiter Iris 💡👨‍💻 Iris – Software for Eye protection, Health and Productivity 🛌👀. Eg veit også at det er eit anna program som heiter Flux. Desse programvarene gjer lyset på Pcen meir balansert. Her kan du også legge inn kvar du bur, sånn at lyset på Pcen din følgjer sollyset (det er neppe perfekt, men det er betre enn at Pcen din har isolert blått lys heile tida. Det er også vesentleg betre enn “kveldsmodusen” som er bygd inn på Pcen din). Iris kostar 2 dollar i månaden. Det er det verdt!!!

Og så var det det med blålysbriller? Eg brukar det om eg er ein plass der det er kunstig lys etter solnedgang, eller eg ser på skjerm etter solnedgang. Men eg er veldig opptatt av å påpeike at blålysbriller ikkje er noko god løysing. Kvifor ikkje? Fysiologien din er IKKJE tilpassa å sjå lys etter solnedgang. Raudt lys er betre enn blått, men når det blir mørkt så det meininga du skal slappe av og reparere kroppen din, ikkje sjå på skjerm. Om du likevel vil sjå på skjerm eller vere i eit opplyst rom etter sola er gått ned, ja du er det lurt å bruke blålysbriller i tillegg til å bruke Iris eller eit anna program til å stille inn lyset sånn at det blir meir balansert eller at det blir heilt raudt (som det også finst ei innstilling  for på Iris).

I vinter sat eg av og til og såg på Pcen etter at sola hadde gått ned. Då hadde eg ikkje iris, som ville ha vore enda betre, men eg dimma ned lyset på Pcen så mykje som mogleg. Hadde alle program på mørk modus, hadde på meg blålysbriller og hadde eit stearinlys ved sidan av meg (stearinlyset følte eg var litt koseleg og det føltes bra).

Dette var ikkje optimalt for fysiologien min det heller, men vesentleg betre enn å ikkje gjere dei tiltaka. Og dette er eit viktig poeng: Du kan velje å gjere ting som ikkje er bra for deg, men gjer du det er det lurt å tenkje litt smart rundt det.

La oss slutte å late som om vi ikkje er ein del av naturen! Berre då kan vi vere friske, lykkelege og prestere bra.