I opphavet skapte Gud Himmelen og Jorda. Jorda var aud og tom, mørker låg over djupet og Guds ande svevde over vatnet. Då sa Gud “Det skal bli lys!” Og det vart lys. Gud såg at lyset var godt og Gud skilte lyset frå mørkret. Lyset kalla han dag og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld og det vart morgon første dagen.
Første Mosebok, kapittel 1, vers 1-5
I opphavet levde mennesket i takt med det som blir beskrive i første Mosebok kapittel 1, vers 1-5.
Det vart kveld, mennesket gjekk og la seg. Det vart morgon, mennesket stod opp.
Og det vart kveld og det vart morgon, og det vart kveld og det vart morgon, og det vart kveld og det vart morgon.
Ein dag fann mennesket ut at det kunne herske over ild. Mennesket begynte å fyre bål.
Det vart kveld og det vart morgon, men skilnaden mellom dagen og natta vart litt mindre no.
Og det vart kveld og det vart morgon, og det vart kveld og det vart morgon, og det vart kveld og det vart morgon.
Dagane og nettene gjekk. Mennesket hadde moglegheit til å bruke eld. Elden var eit lys som du kunne sitje framom og bli avslappa og døsig om kvelden. Det gjorde at mennesket oftare var vakne om natta. Det gjorde at mennesket fortalte historier og utveksla erfaringar.
Men lyset frå elden gjorde ikkje at mennesket mista kontakten med at det vart kveld og at det vart morgon. Mennesket såg at sola kom opp om morgonen og gjekk ned om kvelden. Mennesket såg månen om natta og at månen varierte i kor mykje lys den gav dei.
Og det vart kveld og det vart morgon og det vart kveld og det vart morgon. Mennesket sin fysiologi tilpassa seg dette. Lyset var godt og gav energi. Mørkret var også godt, for det gav ro og restitusjon.
Mennesket var nysgjerrige på korleis verda dei levde i fungerte og fann gradvis ut litt og litt meir. Mennesket lærte seg å forstå elektrisitet og magnetisme. Mennesket lærte seg å forstå lys. Mennesket forstod at elektrisitet og magnetisme var det som skapte lys. Og mennesket utvikla lyspæra.
Og det vart framleis kveld og det vart framleis morgon, men med utviklinga av elektrisk lys vart skilnaden på dag og natt litt mindre.
Mennesket lærte seg å bruke elektromagnetismen til å sende signal gjennom lufta. Mennesket kunne sitje å sjå inn i ein boks på noko som skjedde ein annan plass.
Og det vart kveld og det vart morgon, men mennesket merka ikkje like stor forskjell no. Sola gjekk ned, men bilda som vart vist boksen var spennande og lyspærene i rommet gav meir lys no og døsigheita kom ikkje på same måte. Mennesket blei sitjande vakne etter at det hadde blitt kveld og natt.
Og det vart morgon, men no låg mennesket og sov i eit mørkt rom. Mennesket vakna ikkje lenger av sola, men av alarmklokka som ringte når mennesket skulle på jobb.
Mennesket stod opp, skrudde på lyspærene, laga seg frukost, sette seg i bilen og køyrte til jobb. Lyset på himmelen lagde framleis mykje lys, men mennesket brukte sine eigne lys no.
Og så gjekk energinivået til mennesket ned, det vart tungt å stå opp.
“Eg er for dårleg trent”, tenkte mennesket. Mennesket begynte å gå inn i eit bygg der dei kunne bevege seg. Mennesket sprang på belter drive av sin eigen elektrisitet og løfta tungt metall under sine eigne lyspærer.
Mennesket klappa seg sjølv på skuldra. Sette seg i bilen sin og køyrte heim. No hadde det fortent å sjå på videoar i boksen igjen. Og det vart kveld og det vart morgon.
Mennesket følte seg litt betre no, men framleis var det noko som ikkje stemte. “Det må vere maten” tenkte mennesket og sette seg i bilen og køyrte til eit bygg der mat frå heile kloden var samla. Mennesket såg på noko som var kalla “KCAL”, “feitt”, “protein” og “karbohydrat” for å bedømme om maten var bra. Mennesket valgte ut det som det hadde lært at hadde ei god samansetjing av dette.
Mennesket klappa seg på skuldra, køyrte heim, laga maten og sette seg og såg i boksen igjen.
Og det vart kveld og det vart morgon, men mennesket fulgte no berre si eiga klokke. Det stod opp når det skulle på jobb og det la seg sånn at det fekk åtte timar søvn, for det var det det hadde lært.
Sjølv om mennesket gjorde det bra med trening og kosthald var det noko som ikkje kjentes heilt riktig. Mennesket justerrte treninga og justerte kosthaldet, men det blei liksom aldri heilt bra.
Ein dag fann mennesket ut at det skulle oppleve å vere utandørs. Mennesket gjekk ein tur under eit lys på himmelen. Mennesket følte seg bra. Men mennesket hadde lært at “Dette lyset må du vere forsiktig med, ellers får du kreft” så mennesket var forsiktig. Det var nok betre å lytte til ekspertane enn til sin eigen kropp.
Mennesket gjekk likevel litt oftare ut no. Ein dag såg mennesket solnedgangen og såg at den var vakker og det kjente at det vart avslappa på ein heilt annan måte enn når det sat og såg inn i boksen heime. Men mennesket måtte jo skru på lysa sine når det kom heim og då gjekk den avslappa kjensla bort. Mennesket skjønte ikkje kvifor kjensla gjekk bort, men tenkte at det sikkert hadde noko med maten eller treninga å gjere.
Ein dag bestemte mennesket seg for å vere ein skikkeleg rebell. Det var ute heile dagen, og det hadde ikkje på seg den kremen eller dei brilllene som skulle beskytte det mot lyset på himmelen. Mennesket følte seg betre enn det nokon gong kunne huske.
Mennesket begynte å ane at lyset på himmelen var godt, mennesket begynte å ane at forskjellen mellom lys og mørke var viktig. Men mennesket måtte ha pengar sånn at det kunne betale for produkta som inneheldt KCAL og straumen til lysa sine og bilen sin. Så mennesket måtte sitje inne frå åtte til fire kvar dag.
Og mennesket fulgte også med på tips innanfor helse, og med dingsen det hadde i lomma fekk det opp mange som prata om kor viktig mat og trening var. Det var nok lurare å lytte til dei enn til sin eigen kropp, så mennesket fortsatte å gå på treningssenter og å telje kor mange KCAL det fekk i seg.
Samtidig begynte nokre av menneska som gav helsetips å snakke om lyset frå naturen, og forskjellen mellom lys og mørke var ganske viktig. Men det var ikkje pengar å tene på å gi råd om det, så nokre haldt fram å snakke om trening og mat. Nokre av dei begynte å også å lage eigne lys som gjorde menneska godt, dei kalla det “raudlysterapi”. Nokre begynte å lage briller som beskytta dei mot det blå lyset som dei visste at var det som forstyrra søvnen mest og dei kalla det “blålysbriller”.
“Raudlysterapi” og “blålysbriller” gjorde no at mennesket kunne halde fram å sitje inne og jobbe heile dagen og sitje og sjå inn i den spennande boksen om kvelden og føle seg betre enn før. Mennesket visste innerst inne at dette ikkje kunne måle seg med å leve under lyset og mørket som alltid hadde vore der.
Men mennesket var fanga i systemet. Det hadde fått ein jobb som haldt det inne dagen lang. Det hadde blitt avhengig av Netflix, instagram og å kommunisere via den vesle boksen dei hadde i lomma heller enn å kommunisere i levande livet.
Så mennesket valgte å lukke augene sine for det.
Har du lest heilt hit håper eg du er ein av dei som ikkje vel å lukke auga for det.
La oss ta tilbake vår optimale fysiologi! Den fysiologien er avhengig av at vi skiljer lyset frå mørket. La oss slutte å late som om vi faktisk trur at eliminasjonsdiettar, kosttilskot og blålysbriller fiksar problemet.






