Tenker du nokon gong på at kva forventingar du har til dei rundt deg kan påverke korleis dei presterer?
Eller at korleis du presterer kan påverkast av andre sine forventingar til deg?
Pygmalioneffekten har sitt opphav frå ein klassisk studie frå 1968, der Robert Rosenthal og Lenore Jacobson undersøkte om det å få lærarar til å ha høge forventningar til elevar ville gjere at elevane presterte betre.
På starten av skuleåret gjennomførte elevar ein IQ-test. Resultatet av denne skulle brukast til å finne elevar som hadde eit skjult potensiale.
Dei fann nokon elevar som viste seg å ha skjult potensiale og fortalte til lærarane kven desse var.
Gjennom skuleåret testa dei elevane sine prestasjonar og utvikling. Både fagleg utvikling, atferd og tilpasning i skulen. I tillegg avslutta dei skuleåret med ein ny IQ-test.
Og ganske riktig. Dei elevane som hadde skjult potensial viste jamt over større utvikling på dei forskjellige områda. Dei hadde altså truffe riktig.
MEN
IQ-testen på starten av skuleåret hadde INGENTING med kva for elevar som vart valgt ut å gjere.
Det var heilt tilfeldig.
Så, dei tilfeldig utvalde elevane presterte ikkje eigentleg betre på grunn av at dei hadde eit skjult potensiale.
Dei presterte betre fordi lærarane behandla dei som om dei hadde eit skjult potensiale. Eit høgare potensiale enn dei andre.
Elevane vart ikkje sjølv fortalte om at dei hadde det skjulte potensiale.
Effekten var altså at lærarane oppførte seg annleis overfor dei, blant anna gjennom at dei gav dei meir merksemd, meir positive tilbakemeldingar og oppmuntringar og gav dei meir utfordrande oppgåver.
Alt basert på ei løgn om at dei hadde høgare potensiale enn dei andre.
Som førte til ein sjølvoppfyllande profeti.
Kva har dette å seie for deg?
Jo, vil du ha folk rundt deg til å prestere – ha høge forventningar til dei!
Dette gjeld enten det er i idretten, på jobben eller på studiet. Om du forventar at folk rundt deg er flinke kan Pygmalioneffekten gjere at dei faktisk blir flinkare.
Sjølv kjenner eg meg igjen i denne effekten, og det forklarer litt av korleis eg har prestert og oppført meg i ulike miljø eg har vore i – dersom folk har høge forventingar til meg, skjerpar eg meg, blir motivert og presterer deretter. Dei gongane eg har vore i miljø der eg har oppfatta at folk rundt meg ikkje har hatt særleg høge forventingar til meg, har eg prestert dårlegare.
Og eg har sett det på andre. Av og til ser du ein person som ikkje presterer bra i eit miljø, men som plutseleg presterer betre i eit anna miljø.
Det kan sjølvsagt vere mange grunnar til at ein presterer bra eller dårleg i ulike miljø, men forsking og erfaring viser oss at forventningane frå folk rundt har stor betydning.
Derfor må effekten av forventningar aldri undervurderast.
Har du erfaringar som kan forklarast av Pygmalioneffekten?