Ein ting mange seier er jo dette med at når du forklarer ting må du forklare det på ein måte som gjer at folk kan forstå det. Ikkje for teknisk.
Men dei siste åra har eg irritert meg på folk som dummar ned vanskelege tema for å “få med seg massane”. Den eine grunnen til det er rett og slett at dummar du ting ned for mykje gir det ikkje meining. For med mange tema må du gå i djupna for å forstå dei skikkeleg.
Og nei, det er ikkje alltid slik at folk må ha ei djup forståing av alt dei skal forstå, men det hjelp.
Og for å sitere Albert Einstein: “Ting skal forklarast så enkelt som mogleg, men ikkje enklare”
Eg oppfattar også at folk som ikkje dummar ned noko som helst likevel når ut til ganske mange – for folk forstår ofte essensen sjølv om noko i utgangspunktet er langt over deira nivå. Og dersom dei blir nysgjerrige så vil dei ofte strekke seg for å forstå det.
I tillegg er det ein annan grunn til at eg ikkje vil dumme ned ting – ei psykologisk effekt kalla “Pygmalioneffekten”, eventuelt “Rosenthaleffekten”, etter Robert Rosenthal som har fått ære for å beskrive den. Eg kallar den Pygmalioneffekten, for eg synst at når vi blir kjend med myta om Pygmalion så er dette ei god beskriving av effekten. Så la meg starte dette innlegget med å fortelje om myta om Pygmalion.
Pygmalion og Galatea
Myta om Pygmalion kjem frå gresk mytologi. Pygmalion var ein skulptør med enormt høge krav til seg sjølv og sin kunst. Han forma mange flotte statuer. Pygmalion hadde også ekstremt høge krav til den dama han skulle få inn i livet sitt. Og han vart skuffa over alle han møtte. Han fann rett og slett ingen som levde opp til krava sine. Han haldt seg derfor til arbeidet sitt. Og i arbeidet la han mykje kreativitet i å utforme ei statue av drømmedama si. Han forma ei statue av ei dame som var heilt perfekt, og han kalla ho for “Galatea”.
Pygmalion begynte å behandle Galatea som om ho var ei ekte dame. Han gav ho gåver, kyssa ho og gav ho mykje kjærleik.
Ein dag var Pygmalion på ein festival til ære for kjærleiksgudinna Afrodite. Naturleg nok ville jo Pygmalion helst at Galatea skulle vere levande, og han bad til Afrodite om å finne ei slik dame.
Når Pygmalion kom heim den kvelden kyssa han statua si, slik som han brukte, for han behandla jo den som ei ekte dame. Til sin overraskelse kjente han eit mjukt kyss tilbake – Galatea hadde blitt levande.
Pygmalion hadde fått den han hadde utforma sjølv.
Rosenthal og Fode: “Dumme” vs. “Smarte” rotter
I 1963 gjennomførte Robert Rosenthal eit eksperiment saman med Kermit L. Fode. Der skulle psykologistudentar gjennomføre eit eksperiment der rotter skulle springe gjennom ein labyrint. Nokre av studentane fekk fortalt at “Desse rottene er smarte”, andre fekk fortalt at “desse rottene er dumme”.
Dette var berre tull – rottene var heilt tilfeldig inndelt. For det Rosenthal og Fode ville undersøke var om dei kunne skape ein sjølvoppfyllande profeti: Om informasjonen om at rottene var dumme eller smarte ville føre til endringar i korleis rottene presterte.
Ganske riktig – dei “smarte” rottene presterte betre enn dei “dumme” rottene.
Rottene såg altså ut til å bli påverka av kva studentane som gjorde forsøka forventa av dei.
Rosenthal og Jacobsson: Kan du gjere skuleelevar smartare ved å manipulere forventningane til lærarane?
I 1968 gjorde Rosenthal eit litt liknande eksperiment, denne gongen saman med Lenore Jacobsson. Her var målgruppa skulelevar.
Det dei gjorde var å gi skulelevane ein IQ-test på starten av skuleåret. Resultata av IQ-testen brukte dei til å informere lærarane om kven som såg ut til å ha eit spesielt høgt potensiale. Deretter gjennomførte dei ein ny IQ-test på slutten av skuleåret for å sjå kven som forbetra seg.
Dei elevane forskarane hadde sagt til lærarane at hadde eit høgt potensiale, som var 20% av dei, hadde i snitt fått større framgang.
Men igjen: Desse elevane var valgt ut tilfeldig. Rosenthal og Jacobsson ville sjå om dei kunne få elevar til å forbetre seg med å skape forventning blant lærarane – det gjorde dei!
Når vi forventar gode ting av folk rundt oss, presterer dei betre og lærer meir!
Rosenthal gav denne effekten namnet “Pygmalioneffekten” etter myta om Pygmalion. For litt som Pygmalion forma si drømmedame, kan vi alle forme dei rundt oss med forventningane våre.
Forventar du at nokon er dumme kan det hende du gjer dei dummare – ikkje alltid, for nokon har jo større tru på seg sjølv enn andre, og at nokon ikkje har tru på deg kan jo gjere at du får lyst til å motbevise – men oftast er det gunstig å forvente gode ting av folk rundt seg om du vil at dei skal få til ting. Når du vil at dei skal prestere bra og du vil at dei skal lære – forvent at dei klarer det!
For når lærarane fekk fortalt at “den og den er ekstra flink” forandra lærarane sannsynlegvis synet sitt på dei. Dette sendte eit signal til eleven, eleven oppfatta at “Ja, eg er flink, dette får eg til!”
Pygmalioneffekten i mitt arbeid
Eg bruker Pygmalioneffekten på mine følgarar og mine kundar. Eg har rett og slett høge forventningar. Forklarer eg noko vanskeleg forventar eg at dei er i stand til å forstå det, ikkje nødvendigvis alltid med ein gong, men eg forventar at dei ønsker å forstå, og at dei kan strekke seg etter å forstå det.
Eg nektar å høyre på dei som seier “Du må forklare ting enkelt for å få med deg massane. Ikkje gjer det for teknisk”
Vel, hadde det vore sånn er det rart at folk som har tre timar lange podcastar og går skikkelig i dybden på ulike tema er populære.
Eg trur folk som går i dybden ofte er populære fordi dei får oss som høyrer på dei til å føle oss bra. Når vi må strekke oss litt for å forstå noko, det er då det blir gøy!
Eg har høyrt på nokre tre timar lange podcastar og brukt dagar og veker på å forstå det – notert masse, søkt litt, lest meir på ting som er relatert. Det er då eg verkeleg lærer noko.
Eg er sjølsagt ikkje alltid i den modusen, og av og til er det fint å få inn noko som er “lettfordøyeleg”, men det å få utfordra seg sjølv er ein god følelse.
Når den som har podcasten snakkar på ein måte der han eller ho går skikkeleg djupt inn i mekanismane og forventar at lyttarane forstår det, då føler eg at eg hevar meg, akkurat som skulelevane og rottene i eksperimenta.
Og derfor forventar eg også det beste av mine kundar, lyttarar og lesarar.
Dette betyr ikkje at alt innhaldet vil vere superteknisk og supertungt – dette innlegget er jo eit eksempel på det.
Men når det nødvendig å gå djupt for å forstå noko så går eg djupt.
Og så er det ikkje sikkert at alle skal gå inn for å forstå alt – her har eg også tru på intuisjonen/magefølelsen til folk – for dersom du føler sjølv at “Dette er viktig informasjon for meg” så går du inn for å forstå det, men føler du at “Dette er ikkje det eg vil bruke tid på å fordjupe meg i akkurat no” så treng du kanskje ikkje det.
Og her brukar eg også Pygmalioneffekten – eg forventar at folk har god dømmekraft for seg sjølv.
Dersom eg dummar ned noko trur eg også at eg gjer eg også følgarane/kundane mine dummare. Då blir følgarane og kundane mine som Rosenthal og Fode sine “dumme rotter”.
Forklarer eg ting djupt nok og forventar at folk skal klare å henge med vil eg tiltrekke meg dei folka som vil jobbe hardt for å henge med og lære det.
For eg meiner det ligg mykje sannheit i myta om Pygmalion: Du får det du formar sjølv!






